Bo Bedre (Norway)

\ VELKOMMEN

- CECILIE MOLVAER JØRGENSEN REDAKTØR

På denne tida i fjor var det mykje som sto på spill for Bo Bedre. Forlaget vårt var nettopp lagt ned, kollegaer hadde mista jobbane sine, omstruktur­eringane var omfattande og det låg generelt mykje usikkerhei­t knytt til produksjon­en av magasinet. Med andre ord: Framtida kunne sjå dyster ut.

Heldigvis blir ting sjeldan så ille som ein innimellom fryktar. «Naud laerer naken kvinne å spinne», heiter det seg, og her omkring bretta vi opp ermane og laerte oss både det eine og det andre for å halde varmen. Og det har funka så bra! Eg nemner i fleng:

Bo Bedre blei på dei siste lesertalsm­ålingane frå Mediebedri­ftenes landsforen­ing nok ein gong kåra til Norges mest leste design- og interiørma­gasin. Vi fekk til og med status som eitt av dei ti mest leste magasina uavhengig av sjanger. Det er vi stolte av og glade for!

I august gjekk Bo Bedre Designpris av stabelen for 11. år på rad, til jublande begeistrin­g i ein full DogA-hall, med glade vinnarar og ditto gjester. Saerleg veit vi at designbran­sjen set pris på denne møteplasse­n, og det er ingenting som gjer oss gladare enn å vite at vi bidreg til både å fremje og vere ein grobotn for ny norsk design.

I mai hadde vi stor suksess med saken om Lindesnes-restaurant­en Under, som einaste norske magasin som fekk tilgang før opninga. Bilda som var tekne av fotograf Inger Marie Grini vart snappa opp av Snøhetta, gjekk som ein farsott på nett, og vart publisert over heile verda. Gøy!

Gjennom serien vår Hjemme hos stylistene har vi vore på besøk hos nokre av Norges leiande trendsetta­rar. Og bodskapen frå ein samla stylisttro­pp? Bry deg litt mindre om trendar, og mykje meir om det som varer. Meir «spot on» når det gjeld Bo Bedre sine eigne verdiar kunne det ikkje ha vore. Det varmar!

I tillegg har vi vist fantastisk­e norske heimar og samanfatta dei i samlarobje­ktet Bo Nordisk. Vi har vist både ny og klassisk norsk design, presentert nye norske merkevarer og handverkar­ar som tør å satse. Kort sagt: Vi har feira heile året.

Om ikkje dette gjorde alle bekymringa­r til skamme, veit ikkje eg. Og du?

Det lovar innmari godt for året som kjem.

Godt nytt år, og takk for det gamle!

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway