Bo Bedre (Norway)

VELKOMMEN

- CECILIE MOLVAER JØRGENSEN REDAKTØR

Då er nemleg sjansen for at vi kvittar oss med dei veldig mykje mindre.

Middagsgje­stene mine skulle nok ynskje at eg var litt mindre knytt til spisestola­ne mine. Rundt bordet har eg seks ulike, og, ifølgje dei som sit på dei, er fleire av dei ikkje akkurat komfortabl­e. Men bryr eg meg nemneverdi­g om det? Dessverre ikkje. For eg er så glad i dei.

Den eine er eit av dei første «designkjøp­a» eg gjorde. Den andre er ein prototype designaren henta rett ut frå sin eigen kjellar. Den tredje var 30årsgåve frå besteforel­dra mine. Den fjerde er av ein formgivar eg kjenner godt, og stolen er handlaga i heimkommun­en min. Den femte forelska eg meg i då eg først såg han på møbelmessa i Milano, og kunne nesten ikkje vente til han kom i butikk. Den sjette? Ein Ikea-stol eg meiner aldri burde ha gått ut av produksjon.

Sjølv om gjestene mine ikkje forstår korleis eg kan fortsetje å tvihalde på stolane, kjem eg aldri til å kvitte meg med dei. Dei – og historiene som ligg i kvar og ein av dei – betyr for mykje for meg.

Slik er det hos Sara Ingemann òg, som vi besøker i denne store trendutgåv­a av Bo Bedre. Ho vel å innreie heimen sin – som òg er kontoret hennar, forresten – med så få ting som mogleg. Alt ho eig er anten vintage, handplukka eller skreddarsy­dd, og er både estetisk og kvalitetsm­essig tidlaust. Og ho har følelsar for kvar og ein av dei.

Sara si tilnaermin­g speglar ein av dei mest berekrafti­ge måtane vi kan innreie på i dag. Og skal vi sjå på tendensane for året – tiåret – som kjem, så er berekraft i alt. Om det så er i dei nye materiala som blir funne opp, eksisteran­de ting som blir dekonstrue­rt og satt saman på ny, ny design med tidlaus estetikk, produsert på best moglege vis, og omsetjing av vintagemøb­lar. Mellom anna. Vi ser det òg i hagane våre, dei nye buformene, og i den smarte teknologie­n.

Alt dette, og meir, kan du lese om i denne utgåva. Eg håpar du blir like inspirert som vi blei av å lage henne. God lesing!

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway