Fædrelandsvennen

Sterkt om miljøkrimi­nalitet i Antarktis

- BJARNE TVEITEN

SAKPROSA Jakten på Thunder

Eskil Engdal & Kjetil Sæter Vigmostad & Bjørke utfordrar kvarandre.

Jakta er drivhjulet i ei sakprosabo­k som må vere ei av dei viktigaste som har kome i år. Innimellom fortel forfattara­ne utfyllande om kva som ligg bak; enorm forteneste og anonyme eigarar, som stort sett kan sporast til Galicia i Spania.

Forfattara­ne brukar ordet mafia om «bakmennene», fleire av dei blir presentert­e med fullt namn. Det er den patagonske tannfisken, ein djupvassfi­sk som blir kalla ei delikatess­e, Thunder er ute etter.

Eg let meg imponere av dei to forfattara­ne. Båe har fått fleire prisar for journalist­ikk i øvste divisjon. 17 sider med «Sluttnoter» fortel om grundig «research.» Vaskesetel­en frå forlaget fortel at boka alt før ho var ferdigskri­ven hadde blitt seld til sju land. Det overraskar ikkje.

Boka er spennande som ein god krim, eg hadde vanskar med å legge boka frå meg før eg hadde lese ho ut. Det er likevel eit men; sjølv om dei to forfattara­ne på profesjone­lt vis kler av kjeltringa­ne.

Dei verkelege forbrytara­ne, «bakmennene» som både styrer rovfisket og stikk av med dei største økonomiske gevinstane, vrir seg unna. Med hjelp av organisert korrupsjon, stråselska­p i skattepara­dis og effektiv «kvitvaskin­g» av eventyrleg­e forteneste­r, endar det med at dei som håvar inn mest utbytte ikkje får den straffa dei fortener.

Forfattara­ne fortel med brei pensel, gjennom boka skifter dei ofte synsstad, for å få med det totale bildet av kampen mot rovfisket i Antarktisk. Det gjer boka krevjande for lesarane, men konklusjon­en min er at forfattara­ne har levert eit kjempegodt arbeid i kampen mot miljøkrimi­naliteten i sørpolområ­det.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway