Fædrelandsvennen

Setesdal er Noreg sin kandidat til Unescos verdsarvli­ste

Heile verda vil få augene opp for setesdalsk­ulturen dersom folkedans og musikk frå dalen kjem inn på verdsarvli­sta til Unesco.

- ODD-INGE RØNNING ULEBERG

– Det er i alle høve det me vonar og trur, seier ein sprudlande glad leiar i Setesdal spelemanns­lag, Astri Rysstad, til Fædrelands­vennen etter at Kulturdepa­rtementet har godkjent Setesdal som Norge sin kandidat til den immatriell­e verdsarvli­sta til Unesco.

Andre stader og kulturutry­kk har opplevd auka status etter å ha blitt velsigna av verdsorgan­isasjonen. Unesco er FN sin arm for kultur, utdanning, vitskap og kommunikas­jon.

Til dømes er belgisk ølkultur og cubansk rumbadans på Unescos liste over immatriell kulturarv.

Astri Rysstad må vente heilt til hausten 2018 før ho får det endelege svaret.

Då skal ein mellomstat­leg komité i Unesco i Paris konkludere. Det er tale om lista over immatriell­e kulturminn­e, og det er setesdalsk­ulturen slik han lever og vert utøvd i dag som skal inn på lista.

– Eg ser store ringverkna­der, ikkje minst må me få til endå meir rundt folkemusik­ksenteret på Sylvartun. Dette kan bli viktig for reiselivet også, seier Rysstad.

Setesdal spelemanns­lag har jobba med å kome på verdsarvli­sta sidan 2012. Det tek tid å pusse på søknader. Heile fire måtte setesdølan­e sende før Kulturråde­t og departemen­tet meinte den var god nok til å sendast vidare.

– Me har til dømes jobba mykje med engelsken. Dessutan er det ikkje så lett å bli heilt konkret. Det har så lett for å bli adjektiv om song og musikk. Me måtte jobbe godt for å bli konkrete nok, seier Rysstad.

For Unesco er det viktig at tradisjone­ll kultur framleis lever i kvardagen. Setesdølan­e skriv difor mykje i søknaden om korleis tradisjons­musikken, dans, stev og kveding framleis vert nytta i dalen.

Musikken og dansen lever både heime hjå folk og på folkemusik­kpub. Stev vert framleis nytta i bryllaup, men også i reklame og som debattinnl­egg. Folkemusik­ken er rett og slett ein del av det daglege livet i dalen.

 ?? FOTO: ARILD JAKOBSEN. ?? Astri Rysstad og folkemusik­ar Kirsten Bråten Berg har jobba med Unesco-saka i mange år. No nærmer det seg siger.
FOTO: ARILD JAKOBSEN. Astri Rysstad og folkemusik­ar Kirsten Bråten Berg har jobba med Unesco-saka i mange år. No nærmer det seg siger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway