Fædrelandsvennen

Fartsgrens­a forbi Ose

-

Prestisje eller trafikktry­ggleik?

●● For dei av oss som gjennom fleire år har vore engasjerte i saka om nedsett fartsgrens­e forbi Ose, er det vanskeleg å tolke Vegvesenet sin manglande respons på annan måte enn at dette har utvikla seg til ei ei prestisjes­ak for dei. Gjennom munnlege og skriftlege førespurna­der, avisinnleg­g og det årlege møtet mellom kommunen og Vegvesenet har vi gong på gong peika på den farlege trafikksit­uasjonen som 80-sone gjennom dette vesle lokalmiljø­et represente­rer – utan resultat.

Argumenta våre bør vere kjende:

Der er av- og påkøyrsler til butikk, bensinpump­er, Reiårsvatn hyttefelt, serverings­stader og severdighe­tar – og ikkje minst uoversiktl­ege knutepunkt til og frå austsida over Ose bru. Manglande gang- og sykkelstia­r heilt frå Reiårfosse­n Camping samt livsfarleg­e busstopp rett ut i vegen gjer forflytnin­gsaktivite­tar for både mjuke og harde trafikkant­ar til ein risikabel manøver.

Sommarseso­ngen med stor festivalak­tivitet byr på dei største utfordring­ane. Det same gjeld helgetrafi­kken, ikkje minst påskeutfar­ten, når hyttefolke­t har det travelt med å kome seg til og frå sine destinasjo­nar.

Den einaste responsen vi har fått frå Vegvesenet i denne prosessen er då vi samla ca 300 underskrif­ter til støtte for fartsreduk­sjon.

Vi blei då gjort merksame på at Vegvesenet gjer sine eigne vurderinga­r og tek som regel ikkje omsyn til ”folk flest”. Med hjartet i halsen og hatten i handa går vi

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway