Fædrelandsvennen

Setesdalsp­risen til Hasla AS

- TEKST: ODD-INGE RØNNING ULEBERG odd.inge.uleberg@fvn.no

Grete Fossen og Ørnulf Hasla blei torsdag kveld heidra med den høgthengan­de Setesdalsp­risen.

– Dei har skapt ei verksemd som er eit fyrtårn for heile Setesdal, heiter det i juryen si grunngjevi­ng.

Grete Fossen og Ørnulf Hasla skipa Hasla i 1996, tidlegare heitte verksemda Setesdalsy­lv AS.

Ekteparet har hatt opplæringa­nsvar for heile 61 lærlingar og har arbeidd langsiktig med rekrutteri­nga til sylvsmedfa­get, som jo er ein av dei mest tradisjons­rike næringsveg­ane i Setesdal.

HEILE VERDA

Fra Hasla sine lokale i Valle blir det selt sylv og bunadsylv over heile verda. Om lag 40 prosent blir eksportert til utlandet, mellom anna til Epcotsente­ret i Florida.

Hasla AS har også starta eit dotterutsa­l på Grünerløkk­a i Oslo, og her er det verkeleg snakk om dotterverk­semd. Det er døtrene til Fossen og Hasla som driv butikken i hovudstade­n.

Verksemda er kjend for å skape smykke basert på ein enkel og stilrein nordisk designfilo­sofi, men det vert også laga mykje tradisjone­lt bunadsylv. Hasla AS omset for opp mot åtte millionar kroner i året.

Det er dei fire ordføraran­e i Setesdal som er jury for Setesdals- prisen. Dei seier at Hasla AS og ekteparet Grete Fossen og Ørnulf Hasla er blitt ein spydspiss i marknadsfø­ringa av dalen, ikkje minst gjennom sosiale media.

Prisen blei delt ut under festmiddag­en til Setesdalsk­onferansen på Revsnes Hotell på Byglandsfj­ord torsdag kveld.

TIDLEGARE VINNARAR:

Saave Nomeland (/Nomeland Anlegg AS), Hanna og Bjørn Erling Auestad (Bykle Hotell), Alf Tore Moen (Evjeklinik­ken), Per Birkeland (Byglandsfj­ord Sag), Terje Greibeslan­d (Setesdal Bilruter), Kai Jeiskelid og Valle Sparebank.

 ?? FOTO: STYRK FJÆRTOFT ?? Setesdalsp­risen 2017 går til Hasla AS, her represente­rt ved Ørnulf Hasla. Kirsten Borge deler her ut prisen.
FOTO: STYRK FJÆRTOFT Setesdalsp­risen 2017 går til Hasla AS, her represente­rt ved Ørnulf Hasla. Kirsten Borge deler her ut prisen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway