Fædrelandsvennen

Kai Otto Jørgensen

- LEIV TORSTVEIT

●● Min god ven, Kai Otto, sovna stille inn 17. april. Kai Otto var for meg ein svært spesiell ven. Då eg var lengst nede, tok han kontakt med meg. Denne kontakten hadde me resten av livet hans. Me kunne snakke om alt. Korleis me hadde det, korleis livet var for oss nett då. Kai Otto stilte spørsmål, han fekk meg til å sjå andre sider enn dei eg såg. Han var ærleg.

Kai Otto vart fødd i Kristiansa­nd i 1946. Her budde han til han var ti år. Då flytta familien til New York. Han tok til på skulen der utan å kunne språket godt.

Seksten år gamal flytta han får New York til Øvrebø. Han hadde utrulege overgangar i livet sitt, og det sette nok preg på han. Det som gjorde livet lettare for han var ballspel. Kai Otto var uvanleg god i alt som hadde med ball å gjere. I New York gjorde det at han kom i ein betre klasse enn den han skulle gått i. Heime i Noreg, skaffa det han rom. Alt som ein 18 åring fekk han plass i Vigør, der spelte han i over ti år. I dei seinare åra brukte han mykje tid på golf.

Eg møtte Kai Otto då me tok til på lærarskule­n. Han utmerka seg med sitt eminente basketball spel. Bestemann på heile skulen. Og Kai Otto var som regel mellom dei beste same kva han tok fatt i.

Han var samfunnsen­gasjert. Kai Otto sat i bystyre for Venstre i Kristiansa­nd.

Oppveksten hans gjorde nok at han lærte å observere, sjå folk. Kai Otto tok og fekk kontakt med personar som hadde bruk for å bli sett. I dei siste åra engasjerte han seg i hjelpearbe­idet i Filadelfia. Kai Otto fant attende til Gud hos Filadelfia. Siste gongen eg snakk med han sa han: Eg veit at eg har kort tid igjen å leve. Det viktigaste for meg er at eg får halde fast i trua mi.

Kai Otto trudde me skulle få fleire samtalar, men det gjorde me ikkje. I dag set ag att og tenkjer: Kor heldig eg var som fekk lov til å ha Kai Otto som ein nær ven. Og tankane mine går vidare til barna hans, Ingjerd, Kay Christian og Vemund.

Dei har mista mykje, men også fått mykje. Eg lyser fred over min god ven, Kai Otto, sitt minne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway