Fædrelandsvennen

Pedersen ror og ror

- SVERRE OPEDAL

I innlegget ditt den 26.04 hevdar du at «Vi skal gjera skulen verdsleg …» «Vi skal slåst uforsonleg mot den noverande lutherdomm­en …». Kven er «vi»?

●● Det er tydeleg at det er Arbeidarpa­rtiet du meinar ettersom du nemner partiet fleire gonger! Det er ikkje særleg klokt av deg. Ap er eit serdeles skikkeleg norsk parti som arbeidar knallhardt for det norske folk, og partiet er lite sosialisti­sk/diktatoris­k, men langt meir sosialdemo­kratisk.

Men i eit seinare innlegg den 15.05 er du nokså generell og seier at sosialisme er ein altomfatta­nde ide, og nemner ikkje Ap med eit einaste ord: du ror og ror, og det er på tide! Difor kan du ikkje sleppe unna med det du sa den 26.04: Du kan ikkje slenge i veg med usanningar mot eit ærleg politisk parti. Eg trur du er hatefull mot Ap fordi ikkje alle i partiet er heilt på parti med deg og din kristendom, men dei kjempar neppe mot kristendom­men! Det er sannsynleg at noen i Ap har sett seg inn i kva dagens forskarar har avdekka. For eit par tusen år sidan skal det ha skjedd mange usannsynle­ge mirakel.

Då er det underleg at det ikkje har skjedd mirakel verken før den tid, eller etterpå. Tvilsame mirakel ber kristendom­men, utan mirakel, ingen kristendom…

Elles har eg stor respekt for kva Chris Svendsen og Natty Huitfeldt skriv i avisa. All ære. Dei har sett seg inn sakene, ikkje berre Bibelen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway