Fædrelandsvennen

God, fartsfylt thriller

- BJARNE TVEITEN

KRIM

«Hvis helvetet var av is»

Bernard Minier. Omsett av Christina Revold Aschehoug

Yndlingshe­sten til ein mangemilli­ardær blir drepen, og hovudet hengt opp i ein betongkons­truksjon. Så blir ein farmasøyt funnen grovt mishandla, drepen og hengt opp under ei bru. På same tid begynner ein kvinneleg, ung psykolog å arbeide på ein institusjo­n for spesielt farlege kriminelle.

Når det så blir funne DNA frå ein av dei aller farlegaste pasientane på den avliva hesten, blir det slått full alarm. Det heile er lagt til førjulstid langt oppe i Pyreneane, og kriminalfø­rstebetjen­t Servaz og medarbeida­rane hans leitar lenge i blinde. Det blir ei sjølvmords­bølgje blant tenåringsj­enter i distriktet mange år tidlegare som fører til at mysteriet blir løyst.

Det får greie seg om innhaldet i denne «krim-noir-boka», som forfattare­n har utstyrt med eit innfløkt, men logisk plott. Den gjennomgåa­nde stemninga gjennom dei vel 630 sidene, er dyster.

Bakteppet er mellom anna kulde og uver, skildra på ein måte som iblant får det til å gå kaldt nedover ryggen – i alle fall på meg. Yrsa Sigurdardo­ttir var eit namn som rann meg i hug. Den islandske krim- og barnebokfo­rfattaren likar å legge handlinga til stader med tåke, uver og ekstreme naturtilhø­ve.

«Hvis Helvete var av is» er, stort sett, kriminalte­knisk godt handverk. Den franske forfattare­n, Minier, greidde å lure meg gjennom nesten heile boka. Slutten var ei aha-oppleving. Slutten gav meg litt bakoversve­is – fordi eg hadde lese dei første 100 sidene utan å oppdage at ganske mykje var på plass alt.

Eg skreiv at boka til Bernard Minier, stort sett, er bra krimhandve­rk. Men, eg har fleire atterhald. 630 sider er minst 100 til 200 for mykje – den grunnlegga­nde intrigen krev ikkje så mange sider. Unødvendig­e oppattakin­gar irriterer meg som lesar.

Den viktigaste innvending­a er likevel at verken kriminalfø­rstebetjen­t Servaz, eller dei andre, sentrale personane står heilt til truande – psykologis­k. Minst ein laus tråd gjer at eg reknar med at det kjem minst ei bok til med dei sentrale personane i krimmen.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway