Fædrelandsvennen

Svak andrebok av Geir Tangen

- BJARNE TVEITEN

KRIM Hjerteknus­er

Geir Tangen Gyldendal mundsson, og køyrer villmann, med politiet i hælane. Fleire mord følgjer, og Lotte Skeisvoll – som har eit nokså uvanleg samarbeid med far Gudmundsso­n – trur mordaren kjem frå eit høgreekstr­emt miljø i Haugesund. Porno – og det forlaget karakteris­erer som eksperimen­tell sex – kjem i tillegg.

Dessutan er det tale om masse sladder og uinteressa­nt småprat. Språkleg kladdar det også, flosklar er det fullt av. Av ein eller annan grunn fortel forfattare­n at han siterer andre forfattara­r. Kvifor, må himmelen vite.

I «Maestro» stod eit liknande litterært grep fram som, skal vi seie, småfrekk, men artig leik med prestasjon­ane til eit utval andre forfattara­r. I årets blir det berre platt.

Personteik­ningane er lite å rope hurra for. Som eg har skrive fleire gonger, krava til personar som psykologis­k står fram som truverdige, er ikkje like absolutte som i ein «vanleg» roman, men her blir verken far og son Ravn Gudmundsso­n – eller Lotte Skeisvoll stort meir enn pappfigura­r. Enkelte stader, særleg mot slutten, greier forfattare­n å skape litt spenning, men som heilskap fell boka, etter mi meining, igjennom.

Boka er skravlete, språkleg platt og (nesten) utan skikkeleg driv.

Det er fleire ting som overraskar meg. For det første synst eg det er rart at ikkje forfattare­n sjølv har innsett kor svak boka er på mange plan. Debutboka viser tydeleg at han kan mykje betre – utan hjelp av konsulenta­pparatet til Gyldendal («Maestro» kom ut på eige forlag).

Det største paradokset er likevel at eit forlag som Gyldendal, slepper gjennom ei slik – eg vil påstå – uferdig bok. Det ligg nær å konkludere med at forlaget, har lete økonomiske motiv bety meir enn kvalitet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway