Fædrelandsvennen

Eit forsvar for eit fortvila rop

- JAN KLØVSTAD, Venstre

Det er ein ulik kamp dette. På den eine sida Sylvi Listhaug, den raffinerte mester i dobbeltkom­munikasjon.

På den andre sida idealisten Gjermund Orrego Bjørndahl, med solid kunnskap om den harde kvardagen og dei fæle opplevelsa­ne unge flyktninga­r og asylsøkara­r slit med. Eg forstår at han er verge for mindreårig­e flyktingar. Enda ein gong har Orrego Bjørndahl gått på Listhaugs effektive limpinne. Listhaug er sitert gjennom NTB i dei fleste aviser i landet 6. juli, med blant anna «Det er ikke bærekrafti­g over tid med så stor innvandrin­g av økonomiske migranter som vi ser nå.» Både Gjermund Orrego Bjørndahl og eg ville heller sagt at sult, nød, fattigdom, korrupte regime og terror i fleire land i Nord-afrika og Midt-austen tvingar folk på flukt.

«Å ønske seg et bedre liv er forståelig, men gir ikke grunnlag for opphold i Europa», seier Listhaug. I heile intervjuet snakkar ho om migrantar. Ein migrant er ein person som flyttar frå eitt land til eit anna, og dei fleste som blir omtalt som migrant flyttar heilt frivillig fram og tilbake. Også flyktninga­r er migrantar. Men Listhaug nemner ikkje ordet flyktning. I staden seier ho at «Det er ingen som er interesser­t i å betale masse penger for å bli plukket opp, og sette dem i land på kontinente­t der de kom ifra.» Underforst­ått: Dette er lykkejegar­ar, som også er rike nok til å betale for å flytte på seg. Ved å omtale alle som nå i all sin nød og fattigdom flyktar til Europa som migrantar, veit Sylvi Listhaug utmerka godt at mange høyrer henne seie lykkejegar­ar og med det snyltarar på våre velferdssa­mfunn.

I praksis er Listhaug «dømt» til å føre ein langt meir liberal innvandrin­gspolitikk enn re- gjeringa Stoltenber­g med Arbeidarpa­rtiet, Senterpart­iet og Sosialisti­sk Venstrepar­ti gjorde, med støtte frå Høgre i Stortinget. Imponerand­e nok har Venstre og Kristeleg Folkeparti tvunge Sylvi Listhaug til å få tilbake 340 av dei 380 mindreårig­e som blei vedtatt sendt ut av landet av Orrego Bjørndahls partifelle­r i Arbeidarpa­rtiet. Men likevel seier Listhaug gong på gong at ho er strengare enn Ap. Det er ikkje korrekt i praksis. Gjermund Orrego Bjørndahl har lenge vore fortvila over sitt eige parti, kan vi sjå av lesarinnle­gg og forslag. På fylkesårsm­øtet i år fekk han gjennomsla­g for eit forslag om mjukare innvandrin­gspolitikk, men forslaget blei stemt ned på landsmøtet. Fortvilin- ga over den umenneskel­ege behandling­a av dei som i flukt frå nød og sult er kome til Norge, har ført til at han enda ein gong har mista kontrollen over tastaturet. Det er leit, fordi det svekkar den rettferdig­e kampen han gjerne vil føre. Og Listhaug er smart nok til å svare med ein velkjent teknikk: Ho gjer seg sjølv til offer. Det er ordbruken frå ein djupt frustrert forkjempar som blir problemet og saka, ikkje kampen hans for eit verdig liv for noen av dei fattigaste og mest underkua i verda.

Problemet er sult og nød, fattigdom og krig. Det problemet løyser ikkje Norge aleine. Men vi kan prioritere heilt annleis enn statsråden vil. Vi kan straks hente kvoten vår av dei flyktninga­ne som nå sit innsperra i Hellas og Italia. Vi kan behandle kvart enkelt menneske nettopp som eit menneske. Vi kan behandle dei sånn at den unge asylsøkare­n og flyktninge­n synest det er tryggare å kome i utdanning og arbeid, og gjere nytte for seg i verdas rikaste land i staden for at han rømmer frå Englegård i Tvedestran­d og asylmottak­et i Lillesand til eit uverdig liv på gata i Paris.

Men vi må kontroller­e kvar enkelt. Det er risiko for infiltrasj­on, på samme måte som vi har sett i andre eksilmiljø og slik vi veit noen norske tilhengara­r av Quisling forsøkte å infiltrere norsk motstandsr­ørsle under andre verdskrige­n.

❞ Imponerand­e nok har Venstre og Kristeleg Folkeparti tvunge Sylvi Listhaug til å få tilbake 340 av dei 380 mindreårig­e som blei vedtatt sendt ut av landet.

 ?? NTB SCANPIX FOTO: ÅSERUD, LISE / ?? Ved å omtale alle som nå i all sin nød og fattigdom flyktar til Europa som migrantar, veit Sylvi Listhaug utmerka godt at mange høyrer henne seie lykkejegar­ar, skriver denne innsendere­n.
NTB SCANPIX FOTO: ÅSERUD, LISE / Ved å omtale alle som nå i all sin nød og fattigdom flyktar til Europa som migrantar, veit Sylvi Listhaug utmerka godt at mange høyrer henne seie lykkejegar­ar, skriver denne innsendere­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway