Bli med inn i Odderøyas indre
Odderøyas venner tar oss med ned i de underjordiske militaeranleggene på øya.
Han kan ikkje anna enn å smile eit grann, heidersmannen Trygve Jokelid (66), når han tenkjer på sveltkatastrofa som heldt på å råke hyttelandsbyen på Gautestad i samband med flaumen i byrjinga av oktober. I året 2017.
Hyttefolket, eit par hundre i talet, tok det heile med fatning. Dei hadde bjørkeved på trammen, fisk i bekken, rennande vatn i krana – og meir enn nok av strøym i stikkontakten. Ljos i stoveglaset.
TEIKN TIL EI KATASTROFE
Omstreifande bladfykar freista så godt dei kunne å fyre opp under situasjonen. Vegen mellom Gautestad og Evje vart stengd. Ingen kunne kome til bygda for å handle korkje stomp eller mjølk.
Einskilde såg klåre teikn til ei dramatisk sveltkatastrofe.
Trygve stod midt i stormen. Han stod midt i flaumen. Trøystande ord og ei hjelpande hand til alle som hadde bruk for slikt.
Det er slik me kjenner han. Det er slik han er bygd. Ikkje utan grunn at det var nettopp Trygve Jokelid som vart tildelt Evje og Hornnes kommune sin Frivillighetspris i 2016. Trygve skriv ikkje faktura med gaffel.
Alt som 24-åring tok han til som mjølkebonde heime på slektsgarden Åsen – omlag midtvegs mellom Evje kyrkje og Gautestad. Trygve og kjerringa bur framleis i Åsen, men no er det sonen Vidar som tek seg av sjølve gardsdrifta.
– Eg var vel den fyrste her i kommunen som satsa på såkalla høgstandardhytter, seier Trygve utan at dette er dokumentert korkje i kultursoga eller kyrkjeboka.
I dag he han lagt ut kring 70 hyttetomter på Høgås, og meir enn 50 hytter er så langt bygd og teken i bruk. Etterspurnaden er stor – og 40 nye tomter ligg alt klåre på teiknebrettet.
– Det er mest venndøler og folk frå Kristiansand som slaer rot her oppe på Høgås. Eit område som kan freiste med det som utan atterhald er det finaste skianlegget på heile Sørlandet.
Her finn du 13 mil, 130 kilometer, med maskinkøyrde skiløyper rett utanfor stovedøra. Midt i dette løypenettet finn du den majestetiske fjelltoppen Himmelsyna (649 m.o.h.). Ikkje veit eg om du kan sjå beint inn i Himmelen herfrå – men i fylgje toleg truverdige kjelder kan du frå toppen av Himmelsyna sjå havet ved Grimstad – og du kan sjå til heile 15 ulike kommunar på Agder.
HYTTEFOLK SOM EIN PEST
Trygve Jokelid såg tidleg ressursane og potensialet i turistnaeringa. I hyttebyggjinga. Ein framsynt og klårtenkt mann.
Me kan skru tida attende til tidleg på 70-talet.
Mange av Trygve sine sambygdinger såg den gong på hyttefolk, byfolk, som ein pest – og ei plage. Dei vakta eigen gard og grunn med vakent blikk.
Eg var vel den fyrste her i kommunen som satsa på såkalla høgstandardhytter.
Natt og dag. I helgene saerskild. Sjølv tyttebaertuvene, kleggen og grevlingen vart passa på som om det skulle vere sjølvaste arvesylvet. Ikkje noko som helst måtte kome i hendene på inntrengjarane frå Vågsbygd, Randesund eller Moseidmoen.
– I dag he me meir enn 1600 hytter i kommunen vår, seier Trygve og nøler ikkje eit einaste sekund når han understreker kor viktig ein ressurs detta er for bygda, for kommunen – og ikkje minst for kvar einskild grunneigar. Evje, Indre Agders største kjøpesenter, hadde ikkje på noko vis hatt same posisjonen i dag hadde det ikkje vore for hyttebyane på Gautestad, Fjaelestad og Åpåsdal.
SMÅLÅTEN
Den årvisse landbruksmessa «Naturligvis» på Evjemoen samlar 12.000-14.000 skodelystne kvart einaste sumar. Kva denne messa hadde vore utan Trygve Jokelid, vågar ein mest ikkje tenkje på. Kor mange dugnadstimar han legg ned her er det truleg berre Trygve, og dei naeraste pårørande som veit.
Han talar ikkje om slikt med andre enn seg sjølve. Smålåten, venesael og handlekraftig. Framsynt – og med båe føtene solid planta i barnetrua. Det er slik me kjenner Trygve Jokelid. Stødig som sjølvaste Himmelsyna.
– Eg trur nok dei fyrste hyttefolka som etablerte seg her oppe såg på oss infødde, bøndene, som ein merkeleg rase. Einstøinger – ein del av urbefolkninga.
– I dag er alt så mykje annleis. Mange av mine beste vener finn eg i dag i hyttefeltet på Høgås. Her he eg samstundes skaffa meg min eigen arbeidsplass. Her he eg vonleg og skaffa gode verdfulle arbeidsplassar for komande generasjonar.
Mobiltelefonen til Trygve gjev frå seg nokre merkelege lydsignal. Langt på veg eit eige stammespråk. Han svarar ikkje. Han blunkar ikkje. Framleis kvilepuls og kaffe i koppen.
– Å, det er berre ein venndøl som treng eit lass med grus på hyttetunet.
Flaumen reiste med det meste – men han slapp då unna å svelte i hel. Han ser framleis ut som han he vore heime til alle måltida. Venndølen.