Fædrelandsvennen

Solid krimhandve­rk av Läckberg

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Heksen»

Camilla Läckberg. Omsett av Kari Bolstad Gyldendal

Fire år gamle Linnea blir sporlaust borte frå ein gard i naerleiken av Fjällbacka. Det vekker til live vonde minne. 30 år tidlegare forsvann fireåringe­n Stella frå same garden. To 13 år gamle jenter tilstod å ha tatt livet av Stella, men trekte etter ei tid tilståinga tilbake. Domstolen fann dei likevel skuldige, men dei var for unge til å bli sette i fengsel.

Etter omfattande søk blir Linnea funnen naken på same staden som Stella. Forfattare­n Erica Falck og politimann­en Patrik Hedström er for 10. gong radarparet som etterforsk­ar saka. Dei spør seg, sjølvsagt, kan det vere noko som bind dei to drapa saman?

Läckberg legg inn ei forteljing om ein hekseprose­ss frå same distriktet i 1671/1672. Ein opprivande, grueleg prosess, som på grotesk vis syner korleis heksegalsk­apen den gongen demonisert­e kvinner (og nokre få menn).

Eg har lese dei to første krimbøkene med duoen Falck og Hedström i sentrum. Denne boka er litt annleis. For det første er ho meir omfattande (650 sider). Kvinnesak spela også i dei tidlege bøkene ein viss rolle, men i denne boka er forfattare­n hardare i klypa. Dessutan har det politiske blitt viktigare; til dømes rasisme, mobbing og svensk flyktningp­olitikk. Uvettig bruk av såkalla «sosiale media», saerleg blant unge, blir også kommentert.

Endringane eg nemner kan slå båe vegar, men i denne boka er verknaden positiv. Meiningsyt­ringane er ein del av heilskapen, dei er integrerte, ikkje utanpåklis­tra. Personskil­dringane er også gode, men skildringa av ein av sjefane til Hedström, klossete Mellberg, blir for parodisk.

Ein god krim må alltid ha eit godt plot, eit handlingsm­ønster som skaper spenning og dessutan inviterer lesaren til å identifise­re skurkane.

Eit verkeleg godt plott skal helst få lesarane til å «gå i baret», altså måtte innrømma et forfattare­n har lura han trill rundt. Lenge.

«Heksen» er ein slik krim. Slutten tok meg fullstendi­g på senga! Ikkje berre auka spenninga til eit fenomenalt nivå, eg opplevde løysinga som ei skikkeleg «aha-oppleving».

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway