Ønsketenking frå Alf Melling
Alf Melling skriv om klima igjen 16. januar. Ønsketenkinga held fram, dessverre.
●●Melling skriv at han refererte til ein vitskapleg artikkel om klimaspørsmål sist haust ved å skrive: «Rapporten konkluderer med at IPCC (Klimapanelet) har tatt feil når det gjelder klimabudsjettet som de har brukt i sine beregninger. Verden kan slippe ut fire ganger mer CO2 og likevel klare de oppsatte klimamålene!»
Dette er i stor grad ei ukvalifisert lesing og presentasjon av forskinga. Artikkelen tek utgangspunkt i nokre hypotesar, som er ganske kontroversielle, og utforskar konsekvensane av dei. Dei same forfattarane har andre studier – publisert omtrent samstundes. Då bruker dei andre hypotesar, og får sjølvsagt heilt andre resultat. Ein hypotese er ei gjetting om ein samanheng som nokon forsøker å avkrefte eller stadfeste. Å berre bruke det lågaste av tala, frå eit studium designa nettopp for å utforske den lågare delen av det som er uvisst, er ikkje ansvarleg.
Melling viser til professor Myles Allen i The Times 19. september 2017. Under overskrifta «Vi tok feil» seier Allen: «Vi har ikke sett den raske akselerasjonen i oppvarmingen etter år 2000 som vi ser i modellene. Vi har ikke sett dette i observasjonene».
Tvilsam presentasjon av det Allen meiner, som forsøker å forstå samanhengen mellom naturleg variasjon i klimasystemet og den gradvise auken i temperatur vi ser på grunn av stadig aukande klimagasser. Frå 2015 og framover er då også avviket mellom modellar og målingane borte. Endå viktigare: Denne typen avvik er nettopp det klimaforskarane forventar, på ein så kort tidsskala.
Myles Allen skal delta i eit ope Cicero-seminar om karbondebatten i Forskingsparken i Oslo
22. januar. Der kan Melling spørje Allen direkte: http://cicero.oslo. no/no/posts/nyheter/karbondebatten
Alf Melling skriv: «Solforskerne har sagt sitt: Sola er i resesjon.» Det er underleg at klimaskeptikarar stadig påstår at klimaforskarane og Fn-panelet ikkje har sett sola. Alle klimamodellane tar omsyn til innstrålinga frå sola og naturlege variablar. Ingen har funne forklaring på klimautviklinga frå 1850 utan å ta med dei menneskeskapte faktorane.
Melling viser også til «Solforskeren Henrik Svensmark (som) har fått en første bekreftelse på sin teori om kosmisk stråling, skydannelse og klimapåvirkning». Kanskje klokt å notere at han i same artikkelen viser at samanhengen er uhyre svak? Klimaforskarane og Svensmark kjem fram til om lag same resultat.
Takk for debatten.