Fædrelandsvennen

Folkhemmet rotnar på rot

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Innland»

Arne Dahl. Omsett av Einar Blomgren Cappelen Damm

Då eg i fjor omtale «Utmarker» av svenske Arne

Dahl, som forresten er eit pseudonym for Jan Arnald, fekk omtalen tittelen

«Elegant og hardtslåan­de krim». Eg kunne godt ha nytta same tittelen på «Innland».

Bok nummer to med radarparet Molly Blom og Sam Berger er spennande, men det er kanskje ikkje tilfeldig at forlaget har sett sjangeren krim i parentes.

Eit underleg – og uferdig – brev frå ein person som kanskje lid av konspirasj­onstankar er opptakten, før vi møter hovudperso­nane som er på flukt. Kvifor skal eg ikkje seie noko om, men dei er heilt nord i Sverige, i Lappland, og Berger har lege i tilnaerma koma i 14 dagar når han vaknar i eit lite, iskaldt hus på seinhauste­n.

Etter kvart får dei to eit oppdrag – uoffisielt. Ein mordar med ein trestokk som våpen går laus, og han drep – på bestialsk vis – kvinner som har barn eller er gravide.

Meir skal eg ikkje røpe om den spenningsd­rivande delen av handlinga. Det svenske hemmelege politiet, Säpo, spelar ein sentral rolle også i denne boka, sjølv om dei – naturleg nok – ikkje akkurat gjer det i dagslys.

Viss det bildet Arne Dahl teiknar av det hemmelege svenske politiet er tilnaerma sant, gjev det meg frysningar. Slikt som menneskere­ttar for alle, også dei som ikkje er «mors beste barn», finst ikkje.

Molly Blom er, som i «Utmarker», ein person eg ikkje heilt får tak i. Ho er på ein eller annan måte knytt til Säpo, men korleis? Det er sikkert heilt medvete frå Dahl, og slutten av denne andre delen kan kanskje peike i retning av at ho skal «avslørast» i neste bok.

Ja, eg er overtydd om at det i alle fall kjem ei tredje bok om duoen Blom & Berger. «Innland» endar med fleire lause trådar. Men, og det er det viktigaste slik på tampen, eg opplever kriminalro­manane «Utmarker» og «Innland» som ganske skarp og innsiktsfu­ll kritikk av det svenske samfunnet anno 2017. Slik eg les denne boka, handlar ho om det «svenska folkhemmet» - som rotnar på rot.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway