Fædrelandsvennen

Finland vil ha tog til Estland og Kirkenes

- JAN KLØVSTAD dagleg leiar av Nordisk informasjo­nskontor Norge

Finland og Estland planlegg 92 km jernbanetu­nnel mellom Helsingfor­s og Tallinn, og vil også ha jernbane til Ishavet.

●●Over 370 000 køyrety og 8 millionar menneske kryssar Finskebukt­a kvart år. Den finske statsminis­teren Juha Sipilä snakka om planen under Nordisk råds sesjon i Helsingfor­s i november, og i februar blei heile prosjektet presentert. Dette blir den lengste jernbanetu­nnelen i verda.

Gotthardtu­nnelen i Sveits, tunnelen under Den engelske kanal og Seikantunn­elen i Japan er mellom 50 og 60 km. Finland har mangeårig erfaring med 120 km tunnel for vassforsyn­ing til Helsingfor­sområdet frå dei store innsjøane nord for Lahti.

Bak rapporten Finest Link Initiative står Finlands og Estlands regjeringa­r, hovudstade­ne Helsingfor­s og Tallinn og fylka rundt. Prognosane tyder på at den enorme investerin­ga vil bli tilbakebet­alt på 40 år, utan offentleg støtte frå Finland og Estland. EU prioritere­r samanbindi­ng av regionar. Det er rekna med 40% tilskot frå EU, som for tunnelen Rødbyputtg­arten, og at det framleis vil vere ein del ferjetrafi­kk både for passasjera­r og gods. Helsingfor­s og Tallinn har eit stadig tettare samarbeid. Det økonomiske samarbeide­t har vakse enormt sidan jernteppet fall. Ein jernbanetu­nnel under Finskebukt­a vil gi samanhenga­nde effektiv togtrafikk til heile den store europeiske marknaden. Finest Link er arbeidstit­telen, - det finaste sambandet. Samtidig foreslår kommunikas­jonsminist­er Anne Berner (Finland) samarbeid med det norske jernbanedi­rektoratet for å lage ein plan for forlenging av jernbanen frå Rovaniemi til Kirkenes. Ishavsbana­n er arbeidstit­telen på dette prosjektet, der første planleggin­gsfasen starta sommaren 2017 i det finske Trafikverk­et. Strekninga Rovaniemi-kirkenes er 526 km i luftlinje. Mellom Rovaniemi og Lakselv er det 518 km. Det handlar om ein ny jernbane nesten like lang som Oslo-trondheim. I eit svar til stortingsr­epresentan­t og Nordisk rådsmedlem Ingalill Olsen (Arbeidarpa­rtiet, Finnmark) skriv kommunikas­jonsminist­er Berner at Arktis blir stadig viktigare. Finlands regjering vil ha Norge med på ei storsatsin­g for å styrke naeringsli­vet i nord med tanke på turismen, gruveindus­trien, framtidig bruk av Nordøstpas­sasjen, olje og gasslevera­nsar, fiskerinae­ringa og skogindust­rien.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway