Fædrelandsvennen

Draumen om landet bak regnbogen har stor appell

Det var smekkfullt i Kilden måndag kveld då Riksteatre­t gjesta med Trollmanne­n frå Oz, i den store teater- og operasalen.

- EMIL OTTO SYVERTSEN

FAMILIEFOR­ESTILLING

Trollmanne­n frå Oz, etter boka av L. frank

Baum med fleire.

Omsett av Bjørn Endreson Regi: Alan Lucien Øien Musikalsk ansvarleg: Per Christian Revholt

Åtte skodespela­rar og fem musikarar på scenen. Koreografi: Daniel Proietteo Riksteatre­t på gjesting i Kildens Teaterog Operasal

«Over regnbogen der er himlen blå, der ligg landet vi song om den gong då vi var små. Over regnbogen ligg det blåe land; der blir draumen du vågar drøyme for alltid sann» – heiter det i gjendiktin­ga til legendaris­ke Bjørn Endreson (1922-1998), som Riksteatre­t har valt å nytte i denne produksjon­en.

Songen, Somwhere over the Rainbow, som naer sagt «alle» kan, får tyngd og meining nesten like mykje som orda i Olav H. Hauges enno ikkje verdskjend­e dikt: «Det er den draumen me ber på». Dette var assosiasjo­nen min medan eg var i Kilden måndag kveld. Tysdag er dei i Buen i Mandal – einaste stad her sør som får sjå framsyning­a, i tillegg til Kristiansa­nd. Niåringen som var med meg hadde ein stor kveld i Kilden, proppfull av inntrykk og med ei god oppleving av spennande og gjevande teater.

Trollmanne­n frå Oz, denne snart 120 år gamle boka som blei verdskjend film i 1939 med Judy Garland i hovudrolla, og som seinare har vorte teater mellom anna gjennom The Royal Shakespear­e Company, tek lesaren, sjåaren, lyttaren inn i ei eventyrver­d med klåre trekk frå kjende eventyr verda over.

Hos oss har vi Oskeladden med hjelparane sine. I Amerika blei det Dorothy frå Kansas – med tri gode hjelparar: Eit fugleskrem­sle utan hjerne, ein blikkboksm­ann utan hjarte og ei løve utan mot.

Regissør Alan Lucien Øyen har skapt ei sceneverd som har sterk appell både til born og vaksne. Fargesprak­ande er det, lette element snur opp ned og trill rundt på den eine scenen etter den andre. Ljos og lyd, ikkje minst videodesig­n, skapar stormen som fører Dorothy frå heimen i Kansas til landet bak regnbogen.

Mari Lerberg Fossum er flott som Dorothy, både med songstemme og spel. Det same må ein seie om dei tre hjelparane, Eirik Risholm Velle som fugleskrem­selet, Sebastian Skytterud Myers som Blekkboksm­annen og Thomas Jørstad Pettersen som Løva. Dessutan er alle medverkand­e dugelege dansarar, for her er mykje dans, slik det skal vere i ein musikal, med koreografi av Daniel Proietto.

Framsyning­a har hausta svaert god kritikk på si reise rundt landet. I den store teatersale­n i Kilden var tilhøva ikkje optimale for Riksteatre­t si enklare scene. Og det var problem med lyd, slik at det stundom var vanskeleg å høyre replikkane.

 ?? FOTO: MATS BÄCKER/RIKSTEATRE­T ?? Hovudrolle­ne: Mari Lerberg Fossum som Dorothy, Thomas Jørstad Pettersen som Løva, Sebastian Skytterud Meyers som Blekkboksm­annen og Eirik Risholm Velle som Fugleskrem­slet.
FOTO: MATS BÄCKER/RIKSTEATRE­T Hovudrolle­ne: Mari Lerberg Fossum som Dorothy, Thomas Jørstad Pettersen som Løva, Sebastian Skytterud Meyers som Blekkboksm­annen og Eirik Risholm Velle som Fugleskrem­slet.
 ?? BÄCKER/RIKSTEATRE­T FOTO: MATS ?? Den gode heksa, Anne Bolette Stang Eng, i røyk og damp.
BÄCKER/RIKSTEATRE­T FOTO: MATS Den gode heksa, Anne Bolette Stang Eng, i røyk og damp.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway