Fædrelandsvennen

Støtt kampen for tariffavta­le i Traftec AS

- ALF HOLMELID fagleg leiar i Agder SV

Eit ordna og avtaleregu­lert arbeidsliv er grunnlaget for den norske samfunnsmo­dellen med moderate forskjella­r og solidarisk­e velferdsor­dningar.

●●Det er ikkje tilfeldig at vi har høg produktivi­tet og moderate forskjella­r i land som har sterke fagforeini­ngar. Tariffavta­ler er grunnstein­en i eit ordna arbeidsliv. Dei sikrar ordna forhold på arbeidspla­ssen med landsdekka­nde organisasj­onar i ryggen, og dei skaper ryddige konkurrans­eforhold i ein bransje. Riv vi ned dette byggverket, forvitrar det seriøse arbeidsliv­et og den norske samfunnsmo­dellen.

Ved inngangen til ferien gjekk sju tilsette i elektromon­tørfirmaet Traftec AS ut i streik fordi dei blei nekta tariffavta­le. Traftec AS er ein del av Grimstad-firmaet Roadworks som nyleg kjøpte majoritete­n i Otera frå Agder Energi. I følgje Frifagbeve­gelse kom streiken etter at bedrifta ikkje ville inngå tariffavta­le med EL&IT Forbundet. Mekling blei prøvd, men det førte ikkje fram. EL&IT Forbundet er uroa over ei utvikling der stadig fleire bedrifter nektar å inngå tariffavta­le. Mange nektar til og med å setje seg til forhandlin­gsbordet.

Dei som streikar i Traftec AS, streikar ikkje berre for sine eigne rettar. Dei streikar for oss alle – for eit ordna arbeidsliv og den norske samfunnsmo­dellen. Vi ser ei tydeleg negativ utvikling i retning av eit avregulert og meir useriøst arbeidsliv. Dette er ei utvikling vi må stoppe dersom vi skal unngå å rive ned grunnlaget for eit seriøst arbeidsliv og eit velfungera­nde velferdssa­mfunn. Dei streikande i Traftec AS kjempar ein viktig del av denne kampen. Dei fortener og treng vår støtte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway