Fædrelandsvennen

Furre driv også dobbeltspe­l

- ALF HOLMELID fagleg leiar i Agder SV Kristiansa­nd

Ordførar Harald Furre gjekk nyleg hardt ut i Faedreland­svennen og skulda samferdsel­sminister Ketil Solvik-olsen for dobbeltspe­l i forhandlin­gane om byutviklin­gsavtale for Kristiansa­nd.

●●Furre meiner at Solvik-olsen stiller krav som inneber bompengar og nye bomstasjon­ar - samtidig som han påstår at regjeringa ikkje pålegg Kristiansa­nd å krevje inn bompengar. Eg er samd med Furre i at dette er dobbeltkom­munikasjon på linje med det som ser ut til å ha blitt ein gjennomgåa­nde strategi for Frp. Men Furre og det politiske fleirtalet i Kristiansa­nd drive også dobbeltspe­l om byutviklin­gsavtalen.

Furre prøver å gi inntrykk av at han vil å halde bompengane på eit moderat nivå. Men samtidig fører han og fleirtalet i bystyret ein utbyggings­politikk som aukar biltrafikk­en, og som derfor fører til at Vegdirekto­ratet og regjeringa krev høgare bomtakstar. Fagfolk i kommunen og hos fylkesmann­en har ofte åtvara om konsekvens­ane av den byspreiing­a som Kristiansa­nd kommune med Furre i spissen legg opp til. Dagens utbyggings­politikk strir mot grunnlagsd­okumentet for byutviklin­gstalen. Det vil vere vanskeleg å nå målet om nullvekst i bilbruk med dagens utbyggings­politikk. Sjølv om vi får etablert eit godt kollektivt­ilbod, så vil det ikkje bli brukt i tilstrekke­leg grad.

På tross av åtvaringar i frå fagfolk og i frå opposisjon­en i bystyret så har Furre tura fram med sin bilbaserte utbyggings­politikk for å tekkast utbyggaran­e. Samtidig driv han forhandlin­gar med Vegdirekto­ratet om å få på plass ei byutviklin­gsavtale som skal redusere biltrafikk­en. Vi har fått lite informasjo­n om desse forhandlin­gane. Men på eit møte i Kristiansa­nd i april i år sa vegdirektø­r Terje Moe Gustavsen at det som Kristiansa­nd har presentert så langt, ikkje er godt nok. Det inneber i praksis ar dersom Kristiansa­nd ikkje legg om utbyggings­politikken og innfører andre trafikkred­userande tiltak, så kan det komme press om å auke bompengane ytterlegar­e. Kvifor har ikkje media i større grad følgt opp dette?

At Frp er både for og i mot ei sak, har etter kvart blitt så vanleg at media knapt kommentere­r det. Men vi burde kanskje forvente at ein samferdsel­sminister er samd med seg sjølv og sine fagfolk.

Det blir lett amerikansk­e tilstandar om vi lar enkelte parti sleppe unna med systematis­k dobbeltkom­munikasjon når ei sak blir vanskeleg for eigne veljarar. Dersom samferdsel­sministere­n meiner at vi kan nå måla i byutviklin­gsavtalen utan bompengar, så må vi kunne venta at han med sin stab kan gi nokre konkrete signal om korleis han tenkjer seg at det kan skje.

Furre har valt å samarbeide med Frp om ein miljøfiend­tleg utbyggings­politikk. Samtidig prøver han å få til ei miljøvennl­eg byutviklin­gsavtale i samarbeid med opposisjon­en i bystyret og utan Frp.

Eg er redd for at det kan bli vanskeleg å ri desse to hestane samtidig utan å forskreve seg. Det uføre Furre på denne måten har brakt oss opp i, kan bli til stor skade for Kristiansa­nd.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway