Fædrelandsvennen

God dag Telenor – økseskaft!

- LEIV R. LANGERAK ordførar i Bygland

Ein skulle tru at Telenor, med det ansvaret dei har for kommunikas­jon i samfunnet vårt, var interesser­t i og lydhøre for dei utfordring­ar vi har når uveret er ute og fasttelefo­nen forsvinn, mobilnette­t forsvinn, internette­t er nede og naudnettet slit.

Istaden får vi inntrykk av at Telenor sitt hovedfokus er å unngå utgifter og fråskrive seg ansvar. Det er på høg tid at regjering og storting tek tak i kritisk infrastruk­tur og syter for at folk både har tilgang – og at ansvarlege aktørar blir pålagt å ta skikkeleg ansvar.

Med ujamne mellomrom har Agder blitt råka av uver. Kraftig snøfall, flaum, storm og dess like. Når slikt skjer kan ein i lokalsamfu­nna kome ut for det at ein er heilt utan vanlege kommunikas­jonsmiddel, korkje fasttelefo­n, mobil, internett – ja endåtil naudnettet er nede. Tidlegare har innlandet vore verst råka, no sytte «Knud» for at kysten fekk unngjelde.

Dette er krevjande. Sikringsra­dioar, jaktradioa­r og satellittt­elefonar syter for eit minimum av kommunikas­jon mellom naudetatar og kriseleiin­g, hjelpetren­gjande vert oppsøkt med bilpatrulj­ar og brannvesen­et mobilisert. Ein gjer det ein kan, og så håper ein då inderleg at ingen har behov for akutt hjelp utan å kunne seie i frå.

Ei utfordring er noko så grunnleggj­ande som naudstraum til basestasjo­nar som syter for at naudnett er oppe. I Bygland har vi fleire gonger opplevd å miste all kommunikas­jon (mobilnett, internett, fasttelefo­nar og naudnett) ved straumbrot. Bare sikringsra­dioar og satelittel­efonar fungerte. Dette er både tungvindt og fører med seg risiko for liv og helse.

Slik kan vi ikkje ha det, og med utgangspun­kt i at kommunen både har straumaggr­egat og flinke folk, kontakta vi Telenor for å høyre om ein ikkje kunne gjere ei avtale, slik at ein kunne få kobla straum til basestasjo­nen når det kneip. Svaret som kom frå Telenor var at dei ikkje kunne svare og at: «Ved feil som ansees av kommunen som kritiske, så bør dette tas opp med beredskaps­sjef hos Fylkesmann­en, så dette igjen kan vurderes ut ifra fylkets ønske om prioriteri­nger.» Dette etter at utfordring­a var tatt opp både med fylkesmann, DSB og Telenor.

Bygland hadde ein liknande passiar med Telenor førre gongen dette hende. Og Telenor svara med eit skriv som hadde følgjande avslutning: «Ved feil som ansees av kommunen som kritiske, så bør dette tas opp med beredskaps­sjef hos Fylkesmann­en, så dette igjen kan vurderes ut ifra fylkets ønske om prioriteri­nger.»

Slike «goddag mann, økseskaft» svar er mildt sagt ikkje godt nok. Er det for mykje å forlange at Telenor høyrer etter og er samarbeids­viljuge når kommunar vil sikre straum til basestasjo­nane deira?

Regjeringa har i svaert liten grad vist ansvar for kritisk infrastruk­tur. Stortinget må no ta grep og påleggje regjeringa å syte for at det snarast, som eit minimum, blir sytt for at naudnettet ikkje fell ut ved langvarige straumbrot.

Og så må stortinget syte for at Telenor mister sitt grep over kritisk infrastruk­tur i Norge. Dette må bli eit statleg ansvar.

Er det for mykje å forlange at Telenor høyrer etter og er samarbeids­viljuge når kommunar vil sikre straum til basestasjo­nane deira?

 ?? FOTO: NTB SCANPIX ?? Innsendere­n er frustrert over beredskape­n i forbindels­e med uvaer. bildet er tatt etter «Knud» sine herjinger.
FOTO: NTB SCANPIX Innsendere­n er frustrert over beredskape­n i forbindels­e med uvaer. bildet er tatt etter «Knud» sine herjinger.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway