Fædrelandsvennen

Klokt om å vere menneske

Ei bok om liv og død.

- BJARNE TVEITEN

●●Denne boka,berre ca. 130 sider lang, har undertitte­len «En liten fortelling om nesten alt.» Det kan virke svaert ambisiøst, men eg skjønar godt kvifor forfattare­n har valt ein slik undertitte­l. Boka handlar om liv og død.

Starten på forteljing­a (?) er at gut (Albert) møter jente (Eirin) på Universite­tet i Oslo hausten 1972. Dei blir forelska, og ein biltur på Austlandet endar etter kvart ein stad i naerleiken av Tyrifjorde­n, Glitretjer­n. Innmed vatnet står det ei lita hytte. Dei bryt seg inn, og rekk å bruke alle dei tre sengene i hytta i løpet av natta.

I 2009 køyrer Albert åleine til hytta, som dei har kjøpt. Han har akkurat fått vite at han har ein sjeldan sjukdom som i løpet av relativt kort tid, først vil gjere han totalt avhengig av hjelp 24 timar i døgnet. Døden er også sikker, om eitt år eller kanskje meir/mindre. Kort og brutalt, og utan å bruke orda til Albert, spør han seg gjennom natta medan han skriv; skal eg velje å pålegge Eirin og barna mine masse problem over kanskje eit år – eller skal eg avslutte livet innan 24 timar?

Det var ungdomsrom­anen «Sofies verden» (1991), som hadde undertitte­len «Roman om filosofien­s historie» som gjorde Gaarder kjend over heile verda. Boka i år er definitivt ikkje ei ungdomsbok, og ho er ikkje lett tilgjengel­eg. Men ho handlar om liv. Om død. Om kjaerleik. Ansvar. Osv. «Starten på forteljing­a» skreiv eg tidlegare i denne omtalen med eit spørsmålst­eikn etter. Det var ikkje tilfeldig, for eigentleg meiner eg at «Akkurat passe» ikkje er ei forteljing, men eit essay. Ordet er fransk, og betyr forsøk. Forsøk på kva? For meg er boka eit forsøk på å orientere seg fram til eit standpunkt som, bokstavleg tala, handlar om liv og død.

Eg synstat Gaarder med denne vesle boka på ein måte har tatt steget attende til det som er det grunnlegga­nde i «Sofies verden», dei vestleg filosofane­s tankar om det å leve/døy.

Jostein Gaarder Aschehoug

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway