Fædrelandsvennen

Bilbøllane er på ferde

-

Det har falle seg slik at eg to gonger har køyrt frå Hånes bydel til Vågsbygd og tilbake.

●●Då må vi gjennom både Baneheitun­nelen og Vågsbygdtu­nnelen. Ettersom eg ikkje er ung lenger, prøver eg å rette meg nokså nøye etter skilta, ikkje minst fartsskilt­a. Det tykkjer eg er fort nok for meg, men ikkje alle er samde i det. Somme blir tydeleg irriterte over «sein» køyring, og så sant dei kan hender det at dei pressar seg raskt framom, og dei har tydelegvis glede av å bruke fløyta si.

Kvifor fins det så få fotoboksar i tunnelane eg har nemnt, og politiet ser me aldri. Men dei kan jo ligge i skjul. Berre ein gong har eg blitt stoppa av politiet, då for å blåse i alkotest. Ho vart godt nøgd, men likevel vart 107 drepne i trafikken i Noreg i 2017. Og 2,3 million køyrde skadefritt. SVERRE OPEDAL

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway