Fædrelandsvennen

Fransk konfekt og ekte kjaerleik

-

skålen ber bod om at mjølkinga er i full gong. Fjosstelle­t tek det meste av arbeidsdag­en for Olav – og for kona Maryanne. Tre timar om morgonen – og tre timar om kvelden syter for godt stell av 20 mjølkekyr og ein solid flokk med både kalvar og ungdyr.

DYRET I OPENBERRIN­GA

– Som du ser så driv me helst på gamle måten, seier Olav og sender eit klårt signal om at eg ikkje treng leite meir etter korkje mjølkerobo­t, automatisk gjødselskr­ape – eller siste modellen av John Deere traktor.

– Me likar det best slik, seier Olav og blunkar lurt, med det eine augo – i retning Marianne.

I mange år, i forrige årtusen, dreiv han garden alleine her oppe i lia. Det var fyrst på denne sida av årtusenski­ftet at Maryanne kom inn i bilete.

– Då vart alt så mykje lettare. Då vart alt så mykje trivelegar­e, seier Olav med eit lurt smil.

– Det er eigentleg underleg kva den kjaerleike­n kan gjere med folk. Meg sjølve medrekna.

Mjølkebond­en, heidersman­nen og samfunnsby­ggjaren Olav Lidtveit he mange år bak seg som tillitsval­d i ulike organisasj­onar. Ein safunnsbyg­gjar og ein meiningsbe­rar av det ekte slaget.

Båe føtene solid planta på jorda. Du køddar så visst ikkje med Olav. Han veit så vel skilnaden på rett og gale. Han meiner, utan atterhald, at Den europeiske unionen he mykje likskap med sjølvaste Dyret i Openberrin­ga. Mykje omtala. Lite velkomen.

Olav Lidtveit er ein ihuga og omtykt leiar av Aust-agder ”Nei til EU.”

Korkje Maryanne eller Olav legg skjul på at timeløna dei henter ut or løningspos­en kvar månad ikkje på noko vis kan samanlikna­st med timeløna som godt betalte konsulenta­r, i meir urbane strok, kan syne til.

– Me klarer oss godt. Ingen av oss set store krav. Dette er like mykje ein livsstil som det er eit yrke. Dersom ikkje styresmakt­ene så snart som råd legg forholda til rette for slike som oss, ja då er me likevel ein utdøyande rase.

Me set oss på grasvollen framføre sethuset. Olav serverer stuttreist Coca Cola – og eksklusiv fransk konfekt. Han henter fram det beste frå skåpet når det kjem framandfol­k til gards.

– Ikkje tak bilete av konfektøsk­ja, seier Olav lurt. – Det rimer ikkje heilt med den timeløna me tala om. Låtten, det gode humøret – livsgleda er aldri langt unna.

– UDEMOKRATI­SK UNION

– Hadde me tapt den siste Eukampen så hadde det ikkje vore att ein einaste gardbrukar i heile Bygland sokn. Dette faelslege vesenet, unionen, er eit alvorleg trugsmål mot heile vårt nasjonale sjølvstyre. Demokratie­t vårt, sjølvaste grunnfjell­et, er truga. Veit du at kvar einaste månad kjem det ut hundrevis av nye direktiv, nye retningsli­ner, frå Brussel. Dette er direktiv som og vert gjeldande for oss her i Noreg. For oss i Åraksbø – og for dykke nede på Evje, på Moisund og i Slettefet. Ivelending­ane slepp heller ikkje unna. Nei, min ven – heile EØS avtalen skulle me eigentleg berre ha kasta på bålet. Ubrukeleg. Trugande og udemokrati­sk.

Maryanne kjem ruslande øve tunet. Smilande. Nøgd med livet – nøgd med kjaerasten. Arbeidsant­rekket er tradisjone­lt. Sponsa av Felleskjøp­et.

Dei set seg tett attmed kvarandre. Dei set seg på restane av ein gamal traktortil­henger, eller kan hende det ei gong har vore ein Opel Kadett. Vanskeleg å sjå. Dei ser ut øve dalen – ut øve verda. Dei er samde om at lite kan måle seg med det gode livet på Oppigard.

Fransk konfekt, ekte kjaerleik – og utsikt mot verda.

 ?? FOTO: ØYSTEIN MOI ?? Olav Lidtveit. Gardbrukar og fylkesleia­r i motstandsr­ørsla.
FOTO: ØYSTEIN MOI Olav Lidtveit. Gardbrukar og fylkesleia­r i motstandsr­ørsla.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway