Sver­re Ei­dem til min­ne

Faedrelandsvennen - - NAERT - ALF HOLMELID,

●●Det er med stor sorg parti­ka­me­ra­tar har tatt i mot be­skje­den om at Sver­re Ei­dem er gått bort. Ei­dem var ak­tiv i So­sia­lis­tisk Folke­par­ti frå star­ten i 1961, og han blei med over i So­sia­lis­tisk Ven­stre­par­ti då par­ti­et blei stif­ta i 1975. Han var ein or­ga­ni­sa­sjons­byg­gar og har hatt ei rek­ke sen­tra­le til­lits­verv i par­ti­et. Ei­dem var ikkje av dei som stakk seg fram, men han sa ald­ri nei når par­ti­et treng­te hans en­ga­sje­ment og hans inn­sats. I fyl­kes­sty­ret var han all­tid opp­tatt av å ta vare på alle, og han had­de eit hjar­te for dei små lo­kal­laga. Heilt til det sis­te had­de han eit sterkt politisk en­ga­sje­ment for so­li­da­ri­tet både lo­kalt, na­sjo­nalt og in­ter­na­sjo­nalt.

Sver­re Ei­dem var av dei som all­tid må ha noko å hen­ge fing­ra­ne i, og det har So­sia­lis­tisk Ven­stre­par­ti hatt stor gle­de av. Han har ein stor del av aera for at par­ti­et har sitt eige hus i Kristiansand, og at det er pus­sa opp i flei­re om­gan­gar. Man­ge er dei ti­ma­ne han og and­re har lagt ned for å ska­pe ein sam­lings­stad for politisk og so­si­al ak­ti­vi­tet. Det er man­ge som har fun­ne venn­skap og politisk mo­ti­va­sjon i det­te mil­jø­et. Det er godt å vite at Ei­dem fekk med seg fram­gan­gen til So­sia­lis­tisk Ven­stre­par­ti før han gjekk bort.

Vi ly­ser fred over hans min­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.