Fædrelandsvennen

Rå, spekulativ vald

- BJARNE TVEITEN

Mislykka krim med vanvittig utpensling av bestialsk, meiningsla­us vald.

●●Boka startar i Oslo. Dei som bur i ei blokk på Tveita har klaga på forferdele­g lukt frå ein av blokkbusta­dene. Då politiet aksjonerer, finn dei ein død mann på kjøkkenet. I ein frysar finn dei likdelar, blant anna kraniet til Summa Linna, kona til Joona Linna. Den døde mannen visar seg å vere ein kjend gravskjend­ar. At det dermed blir ei dramatisk og svaert personleg etterforsk­ing, saerleg for Joona Linna er sjølvsagt.

Stort meir om den konkrete handlinga, blir det ikkje frå mi side.

Denne gongen synst eg at det svenske ekteparet bak pseudonyme­t Lars Kepler, Alexander og Alexandra Ahndoril, er på ville vegar. Eg har lese berre ei av dei tidlegare bøkene deira, «Sandmannen», men den likte eg. «Nordic Krim Noir» den og, men på eit heilt anna nivå enn «Lazarus.»

Dette er ei krimbok for vaksne – som likar «skrekk og gru». Det aksepterer eg også, når det blir presentert slik til dømes Gunnar Staalesen gjer det. I hans bøker er mordaren, ofte med sadistiske trekk, ein person som psykologis­k heng på greip. I «Lazarus» blir bestialske overgrep fleire gonger presentert omtrent like uengasjert, men detaljert, som ei husmor på 1960-talet fortalde at det var fiskebolla­r med kvit saus og kokte poteter, gulrøter og kålstuing til middag.

Det kanskje verste er at mangelen på ein psykologis­k truverdig massemorda­r – og «helt» – er så overveldan­de. Det er tale om ein, bokstavleg tala, muskelape. Ein slags «supermann», som systematis­k drep overgripar­ar – i praksis i det meste av Europa.

For megkom ikkje slutten som ei overraskin­g, I det heile, Kepler har i denne boka slurva på mange plan. Sluttsekve­nsen blir for meg noko naer ein parodi. Eg likar å kunne ønske ei ny bok om etterforsk­arar som Joona Linna og Saga Bauer velkomen. Viss ikkje forfattarp­aret bak Kepler korrigerer kursen radikalt – eg stoppar her.

KRIM «Lazarus».

Forfattar: Lars Kepler. Forlag: Cappelen Damm

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway