Faedrelandsvennen : 2018-11-15

MENING : 44 : 44

MENING

44 • Torsdag 15. november 2018 MENING POLITISK REDAKTØR: Telefon: VIDAR UDJUS 952 43 505 E-post: [email protected] Språk Ein sjanse til å vere raus Nye Kristiansand og nye Lindesnes bør vedta at dei skal vere språknøytrale. Slik viser dei rausheit, og dei hever seg over det trongsynte og provinsielle. I følgje mållova kan kommunar gjere vedtak om kva for målform ulike statsorgan skal nytte i skriv til kommunane, eller dei kan vedta å vere språkleg nøytrale. Kommunane kan også, om dei ønsker det, vedta kva for målform administrasjonen skal nytte i det daglege arbeidet, eller dei kan stille dei tilsette fritt. Nettopp no har fellesnemnda for nye Stavanger kommune vedteke språknøytralitet på begge desse områda. Dei nye kommunane på Agder bør gjere det same. I dag har Kristiansand og Søgne kommunar målvedtak for bokmål, medan Songdalen er nøytral. Det same mønsteret har me lenger vest, der Mandal og Lindesnes har vedtak for bokmål, medan Marnardal er nøytral. Nøytraliteten i innlandskommunane speglar at nynorsken tidlegare stod sterkare der, både som opplaeringsmål og som kyrkjemål. I kystkommunane fanst det også skolekretsar som nytta nynorsk, men då skolane og dei gamle kommunane blei slått saman, var det kjøttvekta som rådde, og bokmål overtok heile grunnen. Dette har vore nynorskens skjebne i store delar av landet, og dagens samanslåingar av ei mengd kommunar kan lett innebere at denne pressa målforma blir slått endå meir tilbake. Frå sentralt politisk hald har det vore liten vilje til å styre kommunane i denne samanhengen, og ansvaret ligg dermed lokalt. Det ansvaret har ein teke i nye Stavanger, der språk- og målformspørsmål er behandla og førebudd innanfor eit prosjekt med namnet «Symboler, identitet og kultur», saman med mellom anna spørsmålet om byvåpen. Ein har altså sett at saka er viktig for folk, og at ho ikkje kan eller bør feiast under teppet. ei nye kommunane på Agder bør også ta dette ansvaret, og ta omsyn til at dei no får innbyggjarar i periferi og mindretal, som skal kjenne seg heime i dei nye storkommunane. Då handlar det om å sjå og ta ansvar for heilskapen, den lokale kulturen, historia og danninga. Med nøytrale målvedtak, grunngjeve og lagde fram for politisk behandling, viser ein i praksis kva det vil seie å vere raus. er det største mållaget på Agder. Som hovudstad for landsdelen er det naturleg at det er slik. or nye Lindesneser nok ikkje storby-argumentet like overtydande, men Mandals innbyggjarar har også ein sjeldan sjanse til å vise seg litt storborgarlege, i tillegg til det storsinnet dei bør vise overfor marnardølene. Som regionsentrum på eit lågare nivå, er det å vente at den vesle byen speglar noko av det mangfaldet som no blir inkludert i den nye kommunen. Moderne samfunn er gjerne prega av mangfald, og etter kvart som me blir meir kjende med folk frå andre land og kulturer, blir me også meir tolerante overfor det nye som kjem utanfrå. Målforma nynorsk har ironisk nok ikkje same plassen i dette mangfaldet, og langs Sørlandskysten har han heller vore halden på avstand. Med det følgjer fordommar og negative haldningar, for ein fordømmer gjerne det ein ikkje kjenner. Dersom dei nye og for kvarandre. Noko av dette kan sikkert stimulerast med økonomiske verkemiddel, men det handlar også om mykje meir enn pengar. Dei store norske byane Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø har alle vedteke å vere nøytrale etter mållova. No kjem altså nye Stavanger etter, og der vedtek dei i tillegg språknøytralitet for administrasjonen. Dette vitnar om reell vilje til å heve seg over det småborgarlege og provinsielle, som ofte pregar dei mindre og mellomstore byane. Den store byen er trygg på seg sjølv, og han tillet og oppmodar det kulturelle mangfaldet. I Kristiansand vil ein gjerne vere stor, men dersom dette ønsket berre er økonomisk motivert, blir det noko utanpåklistra, og ein gjer seg sjølv heller liten. No rommar allereie Kristiansand faktisk noko av det mangfaldet som pregar ein større by og ein landsdelshovudstad. Eitt døme er det lokale mållaget, som blei stifta så tidleg som i år 1900, og som kommunane ikkje får til å vere ope og romslege, står ein i fare for ikkje å oppnå det samhaldet og den fellesskapen ein ønsker. Det beste av alt, vil kanskje nokon seie, er at vedtak om språknøytralitet ikke kostar noko i pengar. Det som kostar, er vilje, toleranse, rausheit og lite anna, men ein må altså vere budd på at ein og annan byråkrat kan kome til å skrive sakspapira på nynorsk, og ein må akseptere det! r då dette berre symbolpolitikk? Ja, på same måten som ved val av nye kommunevåpen er det kanskje det, men dersom vedtak om språknøytralitet kan føre til at nynorsken får ørlite meir handlingsrom på Sørlandet, er det også målsak. Og det er eit gyllent høve til å vise at ein er stor! F Det er eit gyllent høve til å vise at ein er stor! E D Kommunesamanslåingar inneber så mykje meir enn å bli effektive maskineri med økonomisk slagkraft. Dei nye kommunane rommar bykjernar, lokale senter og utkantar, og dei folka som bur der, skal utvikle ein fellesskap, ein felles identitet og forståing av RUNE RØSSTAD førsteamanuensis i nordisk språkvitskap Institutt for nordisk og mediefag, UIA

© PressReader. All rights reserved.