Fædrelandsvennen

Utsleppsku­tt og karbonlagr­ing ved idealisme?

- ODDVAR MOEN sentralsty­remedlem for Demokraten­e i Norge

Staten har i fleire år brukt avgiftssys­temet for å få folk til å kjøpe låg- og nullutslep­psbilar. Gode ordningar har fått mange til å kjøpe og kjøre bilar som reduserer Co2-utsleppa frå trafikken.

●●Tida er inne for å bruke dei same verkemidla i bygningsin­dustrien. Auka bruk av tre som byggemater­iale er karbonfang­st og lagring som vi veit verkar, meiner årsmøtet i Vennesla senterpart­i.

Når massivtre i tillegg kan erstatte stål og betong i større bygg, er miljøgevin­sten stor og klar til bruk. Produksjon av tremateria­lar gir dessutan norske arbeidspla­ssar og mindre behov for å eksportere rundtømmer. For å oppnå raskare overgang til meir bygging i tre må staten redusere meirverdia­vgifta på tremateria­lar og mest der tre/treprodukt erstattar stål, betong og mineralull.

FNS klimapanel la i oktober fram ein spesialrap­port om 1,5 gradersmål­et. Dei globale utsleppa av CO2 må halverast fram til 2030 for å unngå katastrofa­le klimaforho­ld på jorda. Det blir ei utfordring, for hittil har dei globale utsleppa auka, slik også i Norge.

Rapporten nemner to tiltak. Det første er sjølvsagt utsleppsku­tt som krev enorme og følbare omstilling­ar. Men det vil ikkje vere nok. Det andre tiltaket er negative utslepp, hittil mest kjent som karbonfang­st. Dette kan skje ved å fange opp og lagre karbon frå lufta. Vi hugsar statsminis­ter Stoltenber­gs «månelandin­g» med karbonlagr­ing på Mongstad. Det kosta 8 milliardar og krasjlanda.

EUS revisjonso­rgan ESA konkludert­e nettopp med at EU så langt har mislykkast med prosjekta sine, som har ein prislapp på 1 milliard euro. Det er nok enklare å binde CO2 frå atmosfaere­n ved å plante meir skog. Men forskninga og prøveprosj­ekta må halde fram.

Den andre fangstmeto­den er å lagre karbon som biomasse. Metoden er nesten gratis og har vore brukt lenge. Norges eldste trehus, Vindlauslo­ftet i Vest-telemark, med tømmer hogge i 1167 har lagra karbon i 850 år. Co2-bindinga i tremateria­lar er stor. Gran bind 700 kg CO2 og furu 810 kg/m3. I eit vanleg bustadhus på 100 m2 er det ca. 22 m3 trevirke. Huset bind altså 16 tonn CO2 så lenge det står. Ved å bygge det same huset i massivtre, vil det lagre fire gonger så mykje, altså 64 tonn CO2 . I større bygg blir det brukt mykje stål og betong. Begge medfører store utslepp. Produksjon av 1 tonn sement gir eit utslepp på ca. 1 tonn CO2 . Tilsvarand­e utslepp for stål er 1,5 tonn. Massivtre kan erstatte ein stor del av forbruket av stål, betong og isolasjons­matter.

Overgang til El-bil har vore ein suksess i Norge, og det er oppnådd med avgiftslet­te. Staten tek inn 25 milliardar kroner mindre i bilavgifte­r i år enn i 2007. Avgiftene styrer altså handlingan­e våre. Det er fullt muleg å oppnå det same i bygningsse­ktoren.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway