Faedrelandsvennen : 2018-12-01

NAERT : 54 : 54

NAERT

54 NAERT Faedrelandsvennen Lørdag 1. desember 2018 ● Laerte Kjell Ingolf om livets mange mysterier samfunnsnyttige folk ut av dei aller fleste. – Eg laerte meg tidleg i livet at eg måtte spele på lag med elevane. Eg måtte gjeve dei ansvar, og ikkje minst så måtte eg gjeve dei trua på seg sjølve. Med godt humør – og med ein solid porsjon sundt bondevet så kjem ein i grunnen himla langt. Både laerarar og elevar. – Så skjønte eg samstundes, og klårare etter kvart, at det så avgjort ikkje er alle elevane som til ei kvar tid skal stappe hovudet smekkfullt av reknestykke med fire ukjente, med matematiske formlar, med Pytogaras, med analytisk geometri – eller som skal kunne heile den norske kongerekkja utanåt. I mange høve heilt bortkasta. – Det finnast då så uendeleg mange andre verdiar i livet. Som elles i livet er det likevel viktig at det i botnen finnast ein solid grunnmur som ein kan byggje vidare på. Så er det mange tider opp til kvar einskild kva ein vil setje oppå denne grunnmuren. Egil, adjunkten som aldri fekk sitt velfortente opprykk, serverer kaffe. Randi he gjort klart ei solid ladning med gjaerbakst – og timane fer fort denne stjerneklåre og frostkalde novemberkvelden. Me he mykje å tale om. Mange felles kjende. – Eg er redd det vert raude tal – Barnetrua he allstøtt ligge som eit godt og trygt fundament i botnen av livet mitt. Livsvegen he alltid ligge på fast grunn. Naudsynt vedlikehald slepp eg likevel ikkje unna. He ein god avtale med Vår Herre på det området. Slikt ordnar me oftast på einerom. – Eg høyrer likevel til den svaert så sjeldne rasen som er medlem av Misjonssambandet – og som trivast like godt på bedehuset som i kyrkja. Ja, eg er medlem av kyrkja. Den norske. – Me trur alle på den same Gud. Då er det så forbaska trist og utriveleg at me ikkje alle kan samlast under same tak. I felles bøn – til ein felles Gud. Såra vert diverre så må mykje djupare, og så mykje meir tydelege i små bygdesamfunn. Egil Kjebekk er no inne i sin tredje periode med fast sete i heradstyret i Evje og Hornnes. Mektig leiar av teknisk hovudutval, eller bygningsrådet som det heitte i tidlegare tider. Sterk i trua på at KRF vil oveleve den djupe krisa som no herjar partiet – og sterk i trua på at Kjell Ingolf stundom tenkjer attende på kva han laerde i naturfagtimane på Evje skule. I økslingslaera. Om livets mysterier. – Aldri i livet om eg tek på meg skulda for ei mogleg regjeringskrise. Eg dreiv då ikkje med vranglaere. Seier Kjebekk. EVJE OG HORNNES E tter eit langt liv i skuleverket he han framleis ikkje heilt funne ut kva yrkestittelen hans eigerntleg betydde. høyrast himla flott og staseleg ut, men i kvardagen – bak kateteret var det lite tale om opprykk av noko slag. I dag er Egil Kjebekk (70) alderstrygda. Opprykket he han slutta å vente på. Det kom aldri. No syter han for godt stell morgon og kveld, for kjaerasten Randi, for 20 vinterfora sauer – og for ein sprengkåt vêr han sjølve he importert frå Dåsvannsdalen. Ferdig utlaert. «Adjunkt med opprykk» hadde Kjell Ingolf Ropstad sitjande på fyrste rekkje, framføre katateteret. På Evje skule. – Det var eg som på mange måtar freista å laere denna karen det heilt grunnleggjande om livets store og små mysterier. Naturfag. Om øksling – om livets ulike faser. Om byrjinga på livet – og om avslutninga. På eit eller anna vis. Ei eller anna gong. Rart å tenkje på at denne grunnleggjande undervisninga, om livet, på mange måtar i dag er med på å leggje føringer for heile nasjonen. For regjeringa. Kan hende me må byte statsminister nettoppp på grunn av innhaldet i dessa naturfagtimane. i gardsrekneskapen detta året. Måtte handle høyballar på den opne marknaden. Tørkesumaren for hardt med oss her oppe i lia. Ikkje eit einaste grasstrå å slå etter St.hans. Men du verden kor godt me he det. Snart kjem erstatninga frå staten rekande på ei fjøl. Og den 20. i kvar månad, året rundt, så kjem trygda beinveges inn på kontoen i den lokale sparebanken. Langt på veg eit eventyr. EIN LIVSNYTAR Pedagogen er saers nøgd med livet. Ein livsnytar av det rette slaget. Her på Haugen, 360 meter øve havflata, he han budd heile sitt liv. Her vart han fødd, her vart han alen – og her vert han nok verande til sin døyande dag. Haugen, den vesle grenda nokre få kilometer aust for Evje sentrum. På vegen mot Hovlandsdalen, Mykland og Hynnekleiv. Egil Kjebekk var ein umåteleg populaer skulemeister. Sjølv om utgangspunktet kunne vere bortimot håplaust og kolsvart så vert det sagt at Egil fekk vetuge og På FYRSTE REKKJE Egil strekkjer seg ut i den velbrukte lenestolen – og klappar seg på magen. Han smilar. Han plar det. Livsnytaren. Adjunkten, sauebonden, minnast så vel då han ●●– TA ET JULEBILDE MED FAEDRELANDSVENNENS FOTOGRAF, OG SEND EN JULEHILSEN PÅ FVN.NO! VI HOLDER TIL I JULETELTET PÅ TORVET I DESEMBER VÅR FOTOGRAF ER TIL STEDE FRA LØRDAG 1. DESEMBER: TORSDAG – FREDAG KL. 15– 19, LØRDAG KL. 12 – 18 OG SØNDAG KL. 14 – 18. SISTE UKEN FØR JUL: MANDAG-FREDAG 15-19, LØRDAG 12-18 OG SØNDAG 14-18. PÅ TORVET I SAMARBEID MED Kjøstvedt • Markensgt. 35 • Tlf. 38 02 26 24

© PressReader. All rights reserved.