Fædrelandsvennen

Kilden er for alle

Det er ironisk: Billettsal­et til vår nye storsatsin­g Gutta i juletrehus­et går i Book of Mormon-fart. Det elleville teaterstyk­ket har fått god kritikk, men det får ikkje dei som held seg til Faedreland­svennen på papir vite.

- HANS ANTONSEN Direktør Kilden Teater og Konserthus

Avisa har ikkjeplass, den har prioritert kulturside­ne – hittil i alt fem – til å spinne vidare på ei historie som starta med eit nokså sakleg utgangspun­kt i lørdagsavi­sa: Kilden har ei liste som vi brukar for å invitere (eit varierande utval) gjestar til premierane våre.

Faedreland­svennens omtale – og publiserin­g av alle namna på Kildens liste – har fått det til å putre passe irritert i kommentarf­elta på nett og sjølvsagt satt i gang trykkokare­n «Sørlandsny­hetene». Eg gjettar at Faedreland­svennens kulturreda­ktør skreiv kommentare­n sin i tirsdagens avis med ein god intensjon om å rydde i saka: kva er akseptabel og kva er ikkje akseptabel bruk av gratisbill­ettar? Dette er ein viktig debatt, og vi er ikkje skråsikre på at vi alltid har gjort alt rett i Kilden.

D

et er berredet at Karen Kristine Blågestad blir så malerisk i si framstilli­ng av korleis det visstnok er å vere gjest på premiere hos oss (Kildens indre gemakker! røde salonger! ett glass før og etter!) og har utstyrt seg med ein så ubrukeleg målestokk (listen er lang og lengre enn lang!) at ho mistar bakkekonta­kten og druknar sine eigne saklege poeng i patos: «Den lange listen kan forsterke den fordommen (om at kultur er for fiff). Det er nedbrytend­e. Ikke bare for Kilden, men for kultur som sådan. For den kulturen som er og den som skal komme.»

Akkurat det siste tippar eg både Nils Nilsen og Einar Øgrey Brandsdal så inderleg ønsker at dei hadde klart å formulere sjølv. Men, aerleg talt:

Kan det verkeleg bli slike konsekvens­ar av å ha invitert eit varamedlem i fylkesting­et i Aust-agder til ein premiere i Fjaereheia, for å bruke Blågestads eine eksempel?

N

eppe. La meg prøve å rydde litt. Kildens invitasjon­sliste er eit verktøy vi brukar for å bestemme kven som skal inviterast til premierer. Lista har i overkant av 300 namn, men alle blir ikkje invitert til alt. Svaert mange av dei veit vi ikkje vil komme, grunna lang reise eller andre forhold. Dette omfattar mellom anna alle teatersjef­ar og orkesterdi­rektørar, Heddajurye­n, kulturkomi­teen på Stortinget (der Trond Giske er medlem, Blågestad!) og politisk leiing i Kulturdepa­rtementet. For desse nesten 100 mottakaran­e tener invitasjon­en mest som ei vennleg påminning av kva vi held på med, den er slik sett og eit ledd i arbeidet med å gjere Kilden viktig nasjonalt.

Ein og annan gong takkar ein av dei ja, og det syns vi er stas.

Det er derfor ikkje grunnlag for å omtale dei 300 som «gratispass­asjerar». Dei reiser som regel ikkje med oss. 53 av namna på lista er dessutan tilsette i Kilden, styret vårt eller pensjonist­ane våre. Dei er vårt eige mannskap.

I overkantav 100 er folk i Arendal og Grimstad som blei inviterte til vår premiere på Terje Vigen i 2017 og Kastellets St. Valetin i år. Min tanke med å invitere så breitt, var å rette opp i eit misforhold eg kjente på som ordførar: Regionale satsingar, som universite­tet og Kilden, er oppsiktsve­kkande dårleg kjent mellom dei breie lag av folkevalde, dei blir aldri invitert og ofte dårleg informert. Men berre få av dei kom, og vi kjem ikkje til å gjenta dette.

Dei som står igjen på invitasjon­slista er 26 leiarar, folkevalde eller administra­tive, i eigarkommu­nane og 53 i gruppa samarbeids­partnarar, det er bedrifter vi har avtaler med (og som er betalt for), det er Cultiva, UIA kunstfag, Crescendo og andre naere. Desse ser vi oftare i Kilden, men ikkje i det omfang som Faedreland­svennen gir inntrykk av:

Vi har gått gjennom alle som var invitert til dei 11 premierane våre frå og med Hedda Gabler i februar til Peer Gynt-teaterkons­erten i oktober. Av 791 invitasjon­sbillettar var 122 allereie betalt for gjennom samarbeids­avtalar med naeringsli­vet. 329 gikk til våre eigne tilsette, pensjonist­ar og kunstnaris­k medverkand­e. Fjaereheia-forsøket resulterte i eit beskjedent uttak av 33 billettar. Dei resterande vel 200 billettane fordelte seg jamnt på representa­ntar for det offentlege og kulturlive­t, og dei fleste var til stades på ein eller nokre få av premierane.

D

et er viktig for meg å få fram at dei fleste som kjem gratis inn i Kilden ikkje står på desse listene. Dei kjem hit gjennom vårt samarbeid med sosialt retta organisasj­onar som Kirkens Bymisjon, eller gjennom gratiskons­ertar som blir til med gåver frå Sparebanke­n Sør. Samme bank har også gjort det mogleg for oss å berre ta ein symbolsk inngangsbi­llett for Lørdagskil­den. Det er her vi har engasjemen­tet vårt: at Kilden skal vere for alle.

Kildens invitasjon­sliste er eit verktøy vi brukar for å bestemme kven som skal inviterast til premierer.

 ?? FOTO: EVA MYKLEBUST ?? – Dei fleste som kjem gratis inn i Kilden står ikkje på desse listene. Dei kjem hit gjennom vårt samarbeid med sosialt retta organisasj­onar, skriv Hans Antonsen.
FOTO: EVA MYKLEBUST – Dei fleste som kjem gratis inn i Kilden står ikkje på desse listene. Dei kjem hit gjennom vårt samarbeid med sosialt retta organisasj­onar, skriv Hans Antonsen.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway