La­ert seg å set­je pris på dei små augne­blik­ka i li­vet

Faedrelandsvennen - - NAERT -

Eg er i grun­nen him– la nøgd med den røys­ta eg er ut­styrt med frå na­tu­rens side. Eit re­sul­tat av arv og mil­jø – eit re­sul­tat av eit levd liv. Freis­tar så visst ikkje å etter­lik­ne sto­re verds­stjer­ner frå den mu­si­kals­ke stjerne­him­me­len. Eg vil vere meg sjøl­ve, både i kvar­dag og fest. P.G.

Stø­len er mitt eige merke­namn, mitt eige vare­mer­ke.

FRIKVARTERET I LI­VET

Eg mø­ter 1962-mo­del­len Per Gun­nar Stø­len hei­me i kjøk­ken­kro­ken i Sage­bak­ken 29, på Strai. Det er før­jolstid. Blen­kjan­de talg­ljos på bor­det, nis­se i sto­ve­gla­set – og stuttreist mar­si­pan som vom­fyll til ein om­rei­san­de blad­fyk.

P. G. hen­tar gi­ta­ren. Meir enn 130 son­gar he han kom­po­nert sjøl­ve. Både tekst og me­lo­di. Alt er gje­ve ut på pla­te – el­ler på CD, el­ler kva tu­san det hei­ter no til dags... Ei sa­lig blan­ding av bal­la­dar, coun­try­mu­sikk og coun­try-rock.

– Mu­sik­ken er på man­ge må­tar mitt fri­kvar­ter i li­vet. Eit av mine heilt naud­syn­te energi­punkt i kvar­da­gen.

Som ny­ut­dan­na lae­rar fekk han til­bod om sin al­ler fyrs­te laerar­jobb på Ev­je, tid­leg på 90-ta­let. P.G. var alt då eit kjend namn i mu­sikk­mil­jø­et på Sør­lan­det. Han had­de tross alt spelt i «Hal­le­lu­ja Band,» i «Stø­len og Fjellvang

Band» – og ikkje for å gløy­me i det vid­gjet­ne og svaert så po­pu­la­ere «

P.G. Stø­len & the ri­ders of good news.»

LI­VET SNUDD På HOVUDET

Sa­man med kjaeras­ten, Pia, byr­ja han å leg­gje pla­nar for fram­ti­da. Dei byr­ja å sta­ke seg ut ret­nin­ga på livs­ve­gen. Kja­er­lei­ken var sterk. Li­vet var godt å leve. På man­ge må­tar pro­blem­fritt.

Det er 18 år si­dan no. Pe­tri­ne kom til ver­da. Ein ka­ta­stro­fal tab­be på sjuke­hu­set er skuld i at Pe­tri­ne i dag er 100 pro­sent pleie­tren­gjan­de. 24 ti­mar i dø­ge­ret. Kvar dag. Hei­le året. Pe­tri­ne treng hjelp til ab­so­lutt alt.

– I lø­pet av no­kre få hek­tis­ke mi­nutt vart li­vet vårt snudd full­sten­dig på hovudet. Li­vet er kort. Li­vet er stun­dom dramatisk og uskjø­ne­leg. Tak vare på stun­da. Tak vare på kvar­and­re. Me veit så for­bas­ka lite om mor­gon­da­gen.

Eg vert for­tald ei gri­pan­de his­to­rie. P.G. er fast i blik­ket. Mjuk i røys­ta. Det­te er tan­kar, og ord, han tru­leg sjøl­ve he hatt i hovudet kvar ein­as­te dag. Kvar ein­as­te natt. Dei sis­te 18 åra. Om li­vet som vart snudd på hovudet. Om ein heim som ald­ri meir vart den same. Ikkje minst om den dju­pe og ekte kja­er­lei­ken til si eiga dot­ter. Pe­tri­ne. Om kja­er­lei­ken til Pia.

I dag er P.G. om­sorgs­ar­bei­dar på heil­tid. I si eiga sto­ve. Pe­da­go­gik­ken er lagt på hyl­la.

– Eg tok eit val i li­vet. Eit val eg sjølv­sagt ald­ri vil – og ald­ri kan ang­re på. Når eg held Pe­tri­ne i han­da, når ho stun­dom smi­lar til meg – ja då er da­gen red­da for meg. Då fø­ler eg på man­ge må­tar at eg he nådd den øvs­te top­pen av kar­rie­re­sti­gen min.

EIN KREVJANDE JOBB

– Det er nok slik at eg skriv dei al­ler bes­te teks­te­ne når eg er litt på fel­gen – litt de­pri­mert om du vil. Det er ofte då dei dju­pas­te, dei mest krea­ti­ve tan­ka­ne kjem dri­van­de. Frå ein el­ler an­nan gøyme­stad eg ikkje heilt kan nam­net på. Sjølv­sagt gjeng li­vet i bøl­gje­da­lar for meg og, slik det gjer for deg Øystein – og slik det gjer for dei al­ler fles­te av våre med­menne­skje. Dei fles­te i granne­la­get.

– Eg he på man­ge må­tar ein tøff jobb. Ein krevjande jobb. Ja, eg he møtt veg­gen. Hardt og bru­talt. Då var mu­sik­ken god å ha. Då alt, då sjøl­ve li­vet var på veg inn i den mør­ke tun­ne­len – ja då var mu­sik­ken eit so­lid an­ker­fes­te. Då var gi­ta­ren ein tru­gen ven. Då var ti­ma­ne att­med elva, med fiske­ston­ga og med kaffe­bå­let, som bal­sam for sje­la. For tan­ka­ne. For li­vet. For Pe­tri­ne.

– Det er tale om heilt ma­gis­ke augne­blikk når lak­sen brått bit seg fast i kro­ken. Når ston­ga bøy­er seg mot vass­fla­ta – når mid­dags­ma­ten er både kort­reist , sjølv­fis­ka og vel­sma­kan­de. Det er sli­ke augne­blikk eg meir og meir he la­ert meg å set­je så umå­te­leg pris på. Det er vik­tig å vere nøgd med det li­vet me har. Å vere nøgd med li­vet slik det er.

NISSEN På SKILTLAUS MOPED

– Eg yns­kjer meg så visst ikkje flei­re ting – eg yns­kjer meg hel­ler meir tid til å kun­ne bru­ke dei tin­ga eg alle­reie har. Gi­ta­ren. Fiske­ston­ga. Fjell­s­koa – og pri­mu­sen. Det vert di­ver­re så alt­for sjel­dan tid til slikt. I mitt yrke ta­lar me ikkje om ta­riff-fes­ta ar­beids­tid el­ler lov­på­lagt fe­rie – og fri­tid. Sist veke heldt eg kon­sert for ein gjeng med flot­te jen­ter på Dø­len Ho­tell på Ev­je. Ein fan­tas­tisk kveld. Eit fri­kvar­ter eg seint vil gløy­me. Ei opp­le­ving eg kan leve len­ge på. Det er vik­tig å lade opp bat­te­ria, take vare på nett­ver­ket. Ein god lat­ter. Fas­te hand­trykk og gode ord.

Sis­te Cd-pla­ta, sig­nert P.G. Stø­len, kom på mark­na­den no like før jol. Eig­ne teks­ter. Om jole­nis­sen som ikkje kjem med sle­de frå Nord­po­len, men som kjem på ein skiltlaus moped, øve Ku­lia – frå Greip­stad.

Det stun­dar mot kveld. Mot natt. Det stun­dar mot eit heilt nytt år. Eg set kur­sen nord­et­ter da­len. Pas­se­rer både Skar­pen­gland, Fri­voll og Eike­land. Tanke­full. Spør­jan­de.

Li­vet er på man­ge må­tar urett­fer­dig.

FOTO: ØYSTEIN MOI

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway

© PressReader. All rights reserved.