Fædrelandsvennen

Legg planar for opptil 130 vindmøller

- TEKST: KJETIL REITE kjetil.reite@fvn.no

Fred Olsen Renewables undersøker nå om det er mogleg med ei omfattande utbygging av vindmøller i Setesdal. Med maksimal utbygging kan det bli opptil 130 vindmøller fordelt på tre område.

– Vi er på eit veldig tidleg stadie. Eg vil ikkje seie at vi legg planar, det er heller snakk om sonderinga­r, seier

Kjell Rune Nakkestad, lokal representa­nt for Fred Olsen Renewables i Agder.

Til nå er den politiske leiinga i Bygland kommune og Evje og Hornnes kommune informert. Energisels­kapet har også vore i kontakt med enkelte grunneigar­ar. Seinare vert det lokale informasjo­nsmøter om vindkraft.

Med maksimal utnytting kan det bli plass til opptil 130 vindmøller fordelt på to område i Evje og Hornnes kommune og eit område i Bygland kommune.

– Men med den teknologis­ke utviklinga som er på vindmøller nå, kjem det turbinar som er større enn dei som er i dag. Så det blir neppe snakk om så mange vindmøller hvis dette skulle bli realisert.

Samla investerin­gar er på mellom 4 og 6,5 milliardar.

– Det er vanskeleg å slå fast dette nøyaktig. Dei siste åra har det vore ein kostnadsre­duksjon på 40 prosent, seier Nakkestad.

Det var lokalavisa Setesdølen som først omtala saka.

STOR UTBYGGING

Det er snakk om ei omfattande utbygging. Til samanlikni­ng vart det nyleg klarsignal til 20-21 vindmøller i Birkenes.

I Evje og Hornnes blei ordførar Bjørn Ropstad (KRF) infor- mert om planane på eit møte med Fred Olsen Renewables i desember 2018.

– Dette er fornybar energi, og skjer utbygginga på rett plass, treng det ikkje vere noko negativt. Men eg må sette meg meir inn i saka og vite konsekvens­ane av den, seier Ropstad.

Han ynskjer at Fred Olsen Renewables kjem til kommunen for å informere mellom andre kommunesty­ret.

– Så kan vi ha ein open prosess om dette, seier han.

TRE OMRÅDE

Det er desse tre områda Fred Olsen Renewables nå ser naerare på:

• Stemhei: Området i Evje og Hornnes strekker seg frå Dåsvassdal­en og vidare oppover mot Byglandsfj­ord og kommunegre­nsa til Bygland. Det har eit potensial på maks 30 vindmøller.

• Tveiteheia: Området vest i Evje og Hornnes har eit potensial på maks 20 vindmøller.

• Lauvdalshe­iene: Området ligg i Bygland kommune. Det har eit potensial på maks 80 vindmøller. Området strekker seg frå omlag der Fånefjells­tunnelen ligg og vidare aust- og nordover.

Ifølgje Nakkestad meiner selskapet at forholda ligg til rette for vindenergi i desse områda.

– Vi ser på område som har gode vindressur­sar og som er minst mulig konfliktfy­lte. I tillegg kan det ikkje vere område som vert ekskludert av NVE. Vi ser også på om grunneigar­ane er villege og om kommunen er positiv.

Han er varsam med å antyde kor lang tid det kan gå før det vert ei eventuell utbygging, men erfaringar frå andre prosjekt viser ifølgje Nakkestad at det kan dreie seg om mellom fem og sju år.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: FRANK MAY ?? Vindkraftu­tbygginga i Setesdal kan kome på mellom 4,5 og 6 milliardar hvis alle dei tre områda skulle bli bygd ut.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: FRANK MAY Vindkraftu­tbygginga i Setesdal kan kome på mellom 4,5 og 6 milliardar hvis alle dei tre områda skulle bli bygd ut.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway