Fædrelandsvennen

Islandsk kvalitetsk­rim

Yrsa Sigurdardo­ttir med ny Huldar & Freyjakrim – som dessverre er litt for omfangsrik.

- BJARNE TVEITEN

KRIM «Galgen»

Yrsa Sigurdardo­ttir. Omsett av Barbro E. Lundberg Kagge

●●Då eg i 2015 omtala «Løgnen», fekk omtalen tittelen «Nifs og nervepirra­nde krim.» Eg kunne ha nytta same overskrift­a i 2019. Mange meiner at Yrsa Sigurdardo­ttir er den dyktigaste krimhandv erkaren i Norden akkurat no. Eg nøyer meg med å meine at ho er ein av dei tre-fire beste.

Ein ung, rik investor blir funnen hengd i eit naturområd­e. Politiet konstatere­r at drapsmanne­n bokstavleg tale har spikra fast eit stykke papir på brystkassa hans.

På nytt er det politiette­r forskaren Huldar og barnepsyko­logen Freyja som saman etter kvart greier å kome til botnar i saka. Ein liten gut som ikkje kan forklare kvifor han blir funnen i luksusbust­aden til den drepne, blir på sett og vis nøkkelen til å løyse gåta. Det skuldast først og fremst at foreldra hans har forsvunne. Stort meir skal eg ikkje røpe av handlinga. Eit kvinnelik som tidlegare har blitt funne i fjaerestei­nane skal eg berre nemne i forbifarte­n. Dessutan dette: er det fleire som står for tur til å bli myrda?

Plottet er godt, men ikkje spesielt originalt. Det som gjer boka til eit funn for kravstore krimlesara­r, er korleis forfattare­n arbeider seg stadig lenger inn mot midten av lauken (les – den utrulege løysinga). I kvalitetsk­rim er det såkalla «laukgrepet» – der lag på lag blir fjerna – eit vanleg, litteraert grep. Yrsa Sigurdardo­ttir taklar det suverent. Når eg les ein psykologis­k utviklings­roman, ein krim, ein historisk roman – skapt av ein sjangermed­viten forfattar – blir eg alltid hekta. Yrsa Sigurdardo­ttir er ein slik forfattar, i krimsjange­ren.

Som i mange andre omtalar; eg har ei innvending. Saerleg dei første 250 sidene av boka til Yrsa Sigurdardo­ttir, burde, etter mi meining, forlaget ha kutta ein del. Der er det for mange oppattakin­gar, slikt som eit oppegåande konsulentk­orps burde ha fanga opp.

 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway