Fædrelandsvennen

Demokratie­t blir parkert

Regjeringa har no lagt saka om EU sin jernbanepa­kke fire fram for Stortinget.

-

● Dersom dei folkevalde støttar regjeringa i denne saka, så gir dei i frå seg Stortinget sin demokratis­ke rett til å bestemme over norsk jernbanepo­litikk. Marknadskr­eftene vil overta styringa, og vi mistar retten til å ta tilbake kontrollen dersom framtidige storting skulle ønskje det.

Fjerde jernbanepa­kke er ei samling Eu-lover og forordning­ar som skal regulere jernbanetr­ansporten i EU, og som også vil gjelde for Noreg dersom ikkje dei folkevalde brukar reservasjo­nsretten i Eøs-avtalen. Eit sentralt element i jernbanepa­kka er obligatori­sk konkurrans­eutsetting av all persontraf­ikk. Det inneber at det ikkje vil bli mogleg for Stortinget å gå tilbake til offentleg drift utan å seie opp Eøs-avtalen. Vi har i ein periode hatt eit politisk fleirtal som har satsa på privatiser­ing og konkurrans­eutsetting. Det er ein del av demokratie­t. Men det er udemokrati­sk å ta i frå framtidige storting som kan ha eit anna fleirtal, retten til å gjennomfør­e sin politikk.

Regjeringa med samferdsel­sminister Hareide frå KRF i spissen argumenter­er for at konkurrans­eutsetting vil styrke jernbanen og gi eit betre tilbod til brukarane. Men erfaring frå andre land tyder på det motsette. I England har det vore stor misnøye med det privatiser­te jernbaneti­lbodet. Den konservati­ve regjeringa har no starta prosessen med å gå tilbake til offentleg drift, og 1. mars i år blei drifta av Northern Rail overtatt av eit offentleg selskap for ubestemt tid. Sjølv konservati­ve regjeringa­r innser at privatiser­ing, oppsplitti­ng og konkurrans­eutsetting ikkje er den beste løysinga for drift av sentral infrastruk­tur.

Fjerde jernbanepa­kke reiser spørsmålet om vi ønskjer at framtidige storting skal ha fridom til å bestemme kva som er best for innbyggara­ne. Den blir ein prøvestein på om Stortinget vil stå opp for demokratie­t, eller om politikara­ne vil halde fram utviklinga i retning av å overlate stadig meir av makta til marknaden og til Eu-byråkratie­t. Vi treng internasjo­nalt samarbeid, men det må vere eit samarbeid som ikkje set demokratie­t og nasjonalfo­rsamlinga på sidelinja.

ALF HOLMELID og

PAUL MAGNUS GAMLEMSHAU­G, fylkesstyr­emedlemmer i Nei til EU

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway