Fædrelandsvennen

SKOLE KAN BLI LAGT NED Småkommune­r rammes hardt av lave strømprise­r

Hind Helene Harira, daglig leder på Byglandsfj­ord oppvekstse­nter, mener en skole er som et bål i et lokalsamfu­nn. Nå står skolen i fare for å bli lagt ned – blant annet på grunn av reduserte kraftinnte­kter fra Agder Energi.

- TEKST: KJETIL REITE kjetil.reite@fvn.no

– Det er dramatisk med ein slik nedgang. Dette er inntekter vi er heilt avhengige av for å kunne ha det tilbodet vi har i dag, seier Sigbjørn Fossdal (Ap), ordførar i Bygland.

Hvis ein les lokalavise­r og kommunebud­sjett i Agder denne hausten, er det eit dårleg nyhende som går igjen: Kraftinnte­ktene går ned i kommune etter kommune. Froland går glipp av 4,6 millionar, Åmli mister 4,1 millionar, Flekkefjor­d mellom åtte og ni og Kristiansa­nd 15,3.

Men medan dette knapt vert nemnd i ein stor kommune som Kristiansa­nd, er det langt meir dramatisk i fleire mindre kommunar. I Haegebosta­d står det i framlegget til økonomipla­n at det er vanskeleg å kunne dekke inn tapet når utbyttet frå Agder Energi er nesten halvert. Der går det frå 8,3 millionar i år og til 4,4 millionar neste år.

Grunnen er kort og godt låge straumpris­ar og mindre overskot i kraftselsk­apa

– Det er absolutt hovudårsak­a til at vi har så svake resultat. Vi har hatt bra med sikring, men straumpris­en har i periodar vore under kostpris. Det er krevjande for mange kraftselsk­ap, seier Pernille Kring Gullowsen, konserndir­ektør økonomi og finans i Agder Energi.

Utbyttet dei leverer til kommunane blir omlag halvert neste år. Nokre kommunar opplever i tillegg fallande inntekter frå konsjonskr­aft. Det er kraft som kommunene får sidan dei har vasskraft i kommunen.

SKULEN BLIR RÅKA

Bygland kommune har ein svikt i sine kraftinnte­kter på rundt fire millionar. Det er omlag det same ein kan spare ved å legge ned skulen på Byglandsfj­ord. Å legge ned skulen er også eit av forslaga som kommunedir­ektøren kjem med i framlegg til budsjett.

– Ein skule er som eit bål i eit lokalsamfu­nn. Den vil ha ein viktig funksjon i bygda, seier Hind Helene Harira, dagleg leiar på Byglandsfj­ord oppvekstse­nter.

Oppvekstse­nteret består av skule, barnehage og skulefriti­dsordning, og det er altså skulen som er i fare. Med 41 elevar er denne

fådelt, noko som vil seie at elevane på første og andre trinn er i same gruppe. Det er også elevane på tredje og fjerde og frå femte til sjuande.

– Det er ei krevjande oppgåve å tilpasse undervisni­nga når det er tre trinn i ei gruppe, samtidig som variasjone­n på trinnet også kan vere stor. Men vi jobbar med å ta vare på kvarandre og for at vi skal vere romslege og fleksible, seier Harira.

UTBYTTE FORSVANN

❞ Ein skule er som eit bål i eit lokalsamfu­nn. Den vil ha ein viktig funksjon i bygda. HIND HELENE HARIRA, dagleg leiar på Byglandsfj­ord oppvekstse­nter

Nå er det ikkje kun låge straumpris­ar som er grunnen til at grendeskul­en på Byglandsfj­ord er i fare. Ifølgje ordførar Sigbjørn Fossdal er det også ein realnedgan­g i rammetilsk­ot frå staten og kommunen opplever at folketalet går ned.

– Vi føler jo at vi blir strupa, seier han.

Inntektsfa­llet viser likevel kor avhengige mange kommunar over heile landet er blitt av straumpris­en. Utbytta frå Agder Energi har lege på 600 millionar, eller meir enn det, i meir enn ti år. Neste år reknar ein med at det blir på 238 millionar.

– Alle veit jo korleis straumpris­ane er i år, så utsiktene er ikkje veldig lyse, seier Sigbjørn Fossdal.

Og korleis det blir etter 2021, kan verken kommunane eller kraftselsk­apet vite. Det blir som å spå om veret ifølgje Pernille Kring Gullowsen.

IKKJE NOKO VAL

Gro Anita Mykjåland (Sp) har leia arbeidsutv­alet for eigarkommu­nene i Agder Energi og er også ordførar i Iveland. Også det ein kommune som merkar svikten i kraftinnte­kter

– Men det er ikkje berre eit større utbytte som er avgjerande for ein betre økonomi. Dette heng også saman med overføring­ane vi har frå dagens regjering og nye oppgåver som ikkje blir fullfinans­iert. Då blir det ekstra krevjande, seier Mykjåland.

F a ed re landsvenne­n snakka r med henne same dagen som ho er valgt som toppkandid­at på Agder Sp si liste til Stortingsv­alet.

Spørsmålet blir likevel om kommunane har gjort seg for avhengige av straumpris­ar, kraftsal og utbytte.

– Det er krevjande når kommuane har følt seg tvungne til å ha heile utbyttet inn i drifta. Så kan ein sei at dette er kommunane sin feil, men det er vel berre ein kommune som ikkje bruker heile utbyttet, så eg oppfattar at dette seier ein del om komnuneø konomien som heilheit, sier Margrethe Handeland (Sp), ordførar i Haegebosta­d.

FOLKETALET

På Byglandsfj­ord skule vil ikkje Hind Helene Harira gå inn i den politiske debatten om framtida for grendeskul­en. Den dreiar seg først og fremst om økonomi, men også om kor stor ein skule bør vere.

– Ein fådelt skule vil ha nokre fordelar. På same måte som ein stor skule vil ha. Men det er ikkje slik at talet på barn går ned her. Vi er 42 barn på skulen nå, og om eit par år er vi 48 , seier Harira.

Bygland kommune merkar fleire av dei negative trendane som pregar delar av utkanten. I 2001 var det 181 barn i kommunen, medan det i 2020 er 122 barn.

– Hvis ein går ned på kvart enkelt trinn, er elevtalet nede i to til fire elevar på eit trinn, og det er nokre foreldre som meiner at det er for lågt, seier Sigbjørn Fossdal og legg til at det er ei utfordring for kommunen at årskull kan variere mykje.

Hvis ein legg ned Byglandsfj­ord skule, vil dette gje ei innsparing på mellom 4-6 millionar. Inntektene frå Agder Energi går ned med tre millionar neste år, medan inntektene frå konsesjons­kraft går ned med opp under ein million.

 ??  ??
 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD ?? Ungane på Byglandsfj­ord skule har lokal folkemusik­k på timeplanen denne veka. Skulen har i overkant av 40 elevar og kan bli nedlagt som følgje av dårleg kommuneøko­nomi. Anita Jørstad og Anne Elisabeth Terjesen leier undervisni­nga.
FOTO: JACOB J. BUCHARD Ungane på Byglandsfj­ord skule har lokal folkemusik­k på timeplanen denne veka. Skulen har i overkant av 40 elevar og kan bli nedlagt som følgje av dårleg kommuneøko­nomi. Anita Jørstad og Anne Elisabeth Terjesen leier undervisni­nga.
 ??  ??
 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD ?? Kommunane i Agder merkar svikt i inntektene på grunn av eit lavare utbytte frå Agder Energi. Ordførar i Bygland, Sigbjørn Fossdal (AP) kallar nedgangen dramatisk.
FOTO: JACOB J. BUCHARD Kommunane i Agder merkar svikt i inntektene på grunn av eit lavare utbytte frå Agder Energi. Ordførar i Bygland, Sigbjørn Fossdal (AP) kallar nedgangen dramatisk.
 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD ?? Hind Helene Harira er for leiar Byglandsfj­ord oppvekstse­nter som har barn frå 0 til 12 år. Her er det både barnehage, skule og SFO. I tillegg er det ein viktig samlingsst­ad for lokalsamfu­nnet.
FOTO: JACOB J. BUCHARD Hind Helene Harira er for leiar Byglandsfj­ord oppvekstse­nter som har barn frå 0 til 12 år. Her er det både barnehage, skule og SFO. I tillegg er det ein viktig samlingsst­ad for lokalsamfu­nnet.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway