Fædrelandsvennen

Hatprat og hysteri

- SØLVI VIOLA SKINLO Innlegget er forkortet. Red.

● Vi kunne nettopp lese om ei kvinne som vart dømd til 24 dagars fengsel på grunn av at ho blant anna hadde sagt til ein mann med utenlandsk opprinnels­e at han burde kome seg tilbake til Afrika. Dei fleste av oss er einige om at det er stygge og sårande ord som aldri burde vore sagt. Men Norge og resten av verda flyt over av stygge og sårande ord som aldri skulle vore sagt. Skal vi då byrje å saksøke nokon kvar gong dei seier noko sårande til oss? Eg som trudde politi og rettsvesen allereie var overarbeid­a og mangla kapasitet til å ta seg av alvorlege saker og farlege hendingar.

I tilfelle det skal vaere straffbart med krenkelsar i form av ord burde jo det gjelde ALLE typar krenkelsar, ikkje berre det som gjeld rase, religion osv. Kan vel vaere like sårande for ein person å høyre noko om overvekta si som det er for ein annan å høyre noko om hudfargen sin. Det trengs så visst ei haldningse­ndring når det gjeld kva ord ein brukar til kvarandre. Men dersom folk skal fengslast for sine øydeleggan­de ord burde vel dei første som straffast vaere dei som ikkje eingong klarar styre tunga i sin eigen heim. Kor mange sårande ord kan f.eks. koner og born oppleve opp gjennom åra utan at det har noko med legning, hudfarge eller andre ting i paragraf 185 å gjere? Og korleis skal det gå med media som stadig mobbar og hånar kjendisar?

Og alle kommentarf­elt kan iallefall bli stengt med det same. Ein del av det som står der går ikkje eingong an å tenkje på. Og eg tvilar på at politiet har kapasitet til å ta seg av det.

Eg meinar at noko er alvorleg skeivt i Norge når ein mann kan kom e unna med ber re 1 års fengselfor­å h aval d tek e eik vinne og dermed kanskje ha øydelagt henne for livet, og så skal vi byrje å dra kvarandre for retten på grunn av sårande ord?

Det finst riktig nok ord man burde bli fengsla for, og det er truslar om mord, valdtekt, vald o.a., der det er fare for liv og helse og folk lever i ein tilstand av frykt som følgje av det.

Det nye tillegget i hatpratlov­a vil og kunne bli eit maktvåpen i hendene på ideologisk­e organisasj­onar til å kneble trusfrihet­en ytterlegar­e. Både trusfrihet­en og ytringsfri­heten er nok innskrenka frå før. På tide med litt sunt bondevett.

 ?? FOTO: SHUTTERSTO­CK / FAEDRELAND­SVENNEN ??
FOTO: SHUTTERSTO­CK / FAEDRELAND­SVENNEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway