Prosjektleiaren er godt i gang
Det kokte ganske godt då fleire politikarar, og andre toppar, sådde tvil om kompetansen i Setesdal.
● Vi talar om folkemusikken som gjekk inn på UNESCO si verdsarvliste for immatriell kultur i 2020. Det var takka vere Setesdal spelmannslag, og mange andre, som hadde arbeidd for dette i mange år.
I dette høvet, vart det midlar til å tilsetje prosjektleiar i full stilling, for å ta vare på kulturarven. Dette er ikkje for å rippe opp i den diskusjonen som då tilspissa seg. Det endte godt. Annbjørg Lien, utøvande felespelar med doktorgrad i hardingfelespel, fekk jobben som prosjektleiar.
Ho har kontorstad på Setesdalsmuseet, og er svaert nøgd med å jobbe der kompetansen på dette feltet er. Det vil seie; måndag til torsdag i Valle, og heim til Randesund i helga. Då med høve til å jobbe på fylkeshuset i Kristiansand på fredag.
I tysdagsutgåva av Setesdølen,
9. februar, vart ho intervjua. Ho har mange tankar om korleis ho vil gå fram for å fremje dans og spel. Det som eg merka meg saerskild, var hennar ønskje om å få folkemusikken inn i musikktimane i grunnskulen.
Slik undervisning har eg sett frå ein kommune på Vestlandet. Berre sørgjeleg at eg ikkje kan hugse namnet på kommunen. Det var eit innslag på «Norge Rundt» for ei tid sidan. Ein kjend felespelar der,var sjølvsagt ei drivande kraft. Det var klassesett med feler, og flinke felespelarar til å undervise. Det såg ut til å vere til glede for elevane.
Sjølvsagt bør det ikkje vere for store klassar, og feler er dyre instrument, men med ekstramidlar til disposisjon, så skulle det ikkje vere umogeleg å få til slik undervisning. Laerarkrefter er der, både i Bygland, Valle og Bykle.
Alle elevar vil ikkje bli store spelemenn. Men for nokon kunne interessa vakne, og det ville bli rekruttert nye spelemenn. Dette ser for meg ut til å vere ein god idè. Greier ein ikkje det, kan godkjenninga frå UNESCO falle bort.