Fædrelandsvennen

Vakker verdensarv frå Setesdal

- EMIL OTTO SYVERTSEN

● Salmebok

● Redaktør: Henrik West.

● Forlag: Lyche musikkforl­ag

Den danske organisten Henrik West har nyleg gjeve ut ei vakker bok med folkelege salmetonar frå Setesdal.

Henrik West kom frå Danmark til øvre Setesdal i 2015 som organist i Valle og Bykle. Han seier sjølv at han ikkje kjende til den saerskilte salmetradi­sjonen i Setesdal frå før, men interessa vart fort vekt. No er boka komen, ei bok som er «ei praktisk utgåve av eit mindre utval folkelege salmetonar til notidig bruk i gudstenest­a».

Det er blitt ei vakker og hendig bok. Hendig av di formatet er omtrent som salmeboka, sett bort frå sidetalet då. Vakker er ho, rikt illustrert med bibelske motiv frå kyrkjekuns­t frå øvre Setesdal.

Her er detaljar av bilete frå både gamlekyrkj­a og den nye i Bykle, til og med Fjellgarda­ne kyrkje er represente­rt. Jakobs kamp med engelen er attgjeve frå eit kruthorn frå 1731. Det er med andre ord lagt mykje arbeid i den estetiske utforminga av boka.

Det musikalske og tekstlege er sjølvsagd det viktigaste. Den røynde og velutdanna musikaren greier grundig ut om kor vanskeleg det er å notefeste nett denne musikkarve­n. Men han har gjort det, og med det teke ein del val som han gjer brukaren merksam på. Målet om å lage ei brukeleg bok til gudstenest­a er nådd på denne måten.

Det er å vone at fleire kyrkjelyda­r enn dei i Setesdal kan skaffe boka slik at desse salmane kan leve vidare innanfor kyrkja, ikkje berre som solo-song av spesialist­ar på folkemusik­k, men som heile kyrkjelyde­ns felles uttrykk.

Mange vil kjenne tekstene til desse songane. Dei er anten av Kingo eller Brorson, eller dei høyrer til kategorien åndelege songar.

Melodiane vil sjølvsagt vere kjende for folk i Setesdal og for dei som er opptatt av religiøse folketonar. Men her finn ein variantar som nok høyrer til i eit relativt lite geografisk område. Henrik West tilrår at ein nyttar opptak i tillegg til notene når ein vil laere melodien.

Redaktøren­s innleiing er interessan­t og grundig. Og når han også røper at han arbeider med eit større og meir vitskapele­g verk om salmeskatt­en i Setesdal, så kan ein vel seie som så ofte før, at det må eit blikk utanfrå for å få auge på det heimlege.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway