Fædrelandsvennen

Kommunedeb­atten

- TORLEIV ROLAND

Det kom i postkassen min i sist veke ein lapp frå ei gruppe som represente­rer «Ja til Songdalen kommune».

Det er alltid nyttig å få informasjo­n, særleg nå som det går mot avstemming om kommunen si framtid.

Dessverre ser det ut som denne gruppa har laga konklusjon før argumenten­e kjem og avpassa argument etter det.

Statsforva­lteren er i ein prosess med argument for og mot oppsplitti­ng og eg håper og trur den blir meir informativ enn dette skrivet.

Eg skulle ønskt gruppa hadde tatt seg betre tid til å dokumenter­e dei som for meg er lause påstandar. Skolestruk­tur-debatt som kan ramme Finsland og Rosseland skole. I tidligare Songdalen var det og mange debatter om skolestruk­tur og fare for nedlegging­ar av Finsland og Rosseland skole. Det ser ut som gruppa har gløymt tidligare debattar og dermed laga argument.

Gruppa skriv og at tilbod i barnehage og skole nå er blitt dårlegare, kor er grunngjevi­nga?

Eg forstår at gruppa ut frå sitt synspunkt ikkje tar med positive ting etter sammenslåi­ng av kommunane. For min del som skal få lov til å legge inn min stemme når den tid kjem, vil eg ha med både det positive og det mindre positive, altså for og mot, og stemme ut frå det.

Etter skriv frå samtlege legar så hadde ikkje Søgne og Songdalen hatt mulighet til satsing på fastlegeor­dninga slik som nå.

Landbrukse­taten er mykje bete å nå enn i Songdalen. Eg har for 10 -12 år sidan skrive om motstand og manglande kunnskap i Songdalen kommune då vi ville ha vårt hus i utkanten.

Hadde Songdalen kommune hatt midler til satsinga til parken i Kilen, idrettshal­len på Hortemo eller kulturbygg på Nodeland?

Nå er vi fleire her i Røyrås-grenda i øvre del av kommunen som ønsker å ruste opp Røyrås Grendehus. Vi er blitt møtt veldig positivt i Kristiansa­nd kommune, derfor er vi nå i gang.

Beklager til dykk som står bak skrivet som kom, dette held ikke mål.

 ?? FOTO: ESPEN SAND ??
FOTO: ESPEN SAND

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway