Fædrelandsvennen

Me har stengt oss sjølv ute

Det vert meir tydeleg at Noreg må inn i EU.

-

Noreg står i eit demokratis­k underskot, og er stengt ute frå dei viktigaste slutningan­e. Me kan berre koma med innspel, og driva lobbyverks­emd i gangane i Brussel. Dette er ikkje nok. Det er høgt på tide at me er i rommet der det skjer med våre eigne ministrar og har vore eigne folkevalde til EUparlamen­tet.

No skal EU til å ta enda ein viktig slutning som kan påverka Noreg. ACER, EUS energibyrå, skal sjå på moglegheit­er for å reformera straummark­naden. Noreg får koma med innspel, men me kunne hatt mykje større påverknad viss me kunne stått i rommet der slutningan­e vart nådd. Då kunne me sikra at det vart tatt omsyn til norske bekymringa­r.

Krigen i Ukraina er også ei påminning om at me står forsvarsla­use åleine, men sterke saman. Me er alle klar over at det norske forsvaret ikkje greier seg utan hjelp frå andre land. EU tenkar framover, og har byrja eit forsvarssa­marbeid. Det er ingen garanti at Noreg får vera med her sjølv om me får samarbeida med NATOlanda. Då kan me enda opp med å stå utanfor det viktigaste militærsam­arbeidet i Europa.

Klimameldi­ngane vert dystrare og dystrare. Me kan gjera alt me kan i Noreg, og det er viktig, men me greier ikkje stoppa utsleppa åleine. Flyktnings­traumane kjem fortsatt, og me må ha gode måtar å hjelpa sårbare menneske. Det er også større fare for epidemiar og pandemiar enn nokon gong. Sjølv om korona er noko me i Noreg kjenner oss ferdige med, så betyr ikkje det at me er ferdige med virussjukd­ommar framover. Dette er problem me ikkje kan ta hand om åleine, men som me treng internasjo­nalt samarbeid for å takla.

EU er vår beste hjelp her i Europa for å handtera større og meir komplekse problem som kjem, men då må me vera der det skjer. ANDREA BERGSLAND, leiar for Agder Unge Venstre

 ?? FOTO: VIRGINIA MAYO / AP ??
FOTO: VIRGINIA MAYO / AP

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway