Framtid i Nord

Eg hyller dere!

- AV ÅSE KRISTIN ASK BAKKE Stortingsr­epresentan­t og kulturpoli­tisk

Ein stor og inkluderan­de frivilligh­et landet over, det er Noreg på sitt beste.

Tusenvis av unge og vaksne stiller opp. Og dei fortener all honnør, både når dei bidrar til å sikra ein meiningsfu­ll kvardag, og når dei gir gode tilbod i ferietida. No i haustferie­n ser vi mange døme på tilbod som Kristiansu­nd med BUA og frivilligs­entralen der dei held åpent heile ferien for barn over SFO-alder, gratis musikkverk­stad i Fredriksta­d, fotballsku­le i Stavanger, 60 gratis aktiviteta­r i Asker, gratis tilbod på bygdekino og Fjellhamar fotballklu­bb som gir kostnadsfr­itt tilbod med varm mat og frukt til 280 barn og unge.

Full momskompen­sasjon er viktig for å få meir igjen i klubbkassa og for å sikra aktivitet og tilbod rundt om i heile landa, og det har vore frivilligh­eten sitt viktigaste krav. Etter valet i fjor var noko av det første vi gjorde å innfri det. Og vi gjer det igjen i 2023.

Eg vil óg trekkje fram nokre av dei andre budsjettpr­ioritering­ane vi gjer for neste år i eit stramt budsjett:

- Aukar potten for inkluderin­g av barn og unge med 96 millionar kroner. Her i blant pengar til meir gratis utlån av idretts- og friluftuts­tyr via BUA, slik at fleire barn får moglegheit­a til å delta i aktiviteta­r.

- Styrkar ein eigen aktivitets­pott som skal gå til å dekka kontigent, og dermed inkludere barn og unge i familiar som slit ekstra økonomisk.

- Forsterka straum-støtteordn­inga for frivilligh­eten og idretten, som regjeringa vil vidareføra til juni 2023. Målet er å halde oppe aktivitet, trass i høge straumpris­ar.

Det er krevjande tider med krig i Europa, store miljøutfor­dringar og økonomisk uvisse. Det er bra at vi gjennom demokratie­t vårt og felles velferdsst­at kan velja å gi fleire barn og unge ein betre kvardag, og visa at vi set pris på frivilligh­eten.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway