Grimstad Adressetidende

JERNBRYLLU­P

-

5. august har Inger Mathilde og Magne Valborglan­d vore gift i 70 år, og tru det eller ei, men dei er fremdeles svaert glade i kvarandre - og for kvarandre!

I alle desse åra har dei budd på garden på Mindrebø i Bjelland. Dei har opplevd store endringar i teknologi, arbeidsliv og samfunn, og ber på den måten historia med seg. Slik er dei levande historiebø­ker for slekta. Det er ikkje mange som opplever ein slik dag, og ein kan lure på kvifor jern, som slett ikkje er så strålande, kjem etter både sølv, gull og diamantar. Men jern er kraftig og slitesterk­t, det står seg i ver og vind. Magnetisk skal det og vere. Så kanskje jernbryllu­p er eit godt namn likevel? Heile familien gratulerer og ynskjer til lykke med den store dagen! Me er glade i dykk!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway