Grimstad Adressetidende

Mållaget skifter namn etter 122 år

No skal Landvik mållag hete noe ganske anna.

- Innsendt av Astri Stuestøl Sandkjaer

Innsendt bidrag: Det blei oktober før Landvik mållag kunne halde årsmøte, av grunnar vi alle kjenner. I tillegg til vanlege årsmøtesak­er, hadde vi ei stor sak på programmet: Skal vi bytte namn til Landvik dialekt- og mållag? Forslaget blei sett fram i styret i vår ved Grete Aldersjøen Kalvehagen.

Seinare kom det inn eit forslag frå ein av veteranara­ne om å «løpe lina heilt ut» og bytta namn til «Grimstad dialektog mållag».

Ikkje bare nynorsk

Grunngjevi­nga er at namnet seier tydeleg at ein arbeider både for nynorsk mål og dialektar. Å arbeide for lokalt språk ligg truleg naerare «vanlege folk» i Grimstad enn å arbeida bare for nynorsk.

Namnebyte vil truleg gjera det lettare å få fleire medlemmer, og fleire yngre medlemmer. Landvik mållag er det einaste mållaget i Grimstad kommune, og har medlemmer også utanfor Landvik.

Det har vore mållag både i Grimstad («Grømstad mållag») og Fjaere, Dei gjekk for mange tiår sidan inn i Landvik mållag. I mot namneendri­ng har vi funne eitt moment: Landvik mållag er eit tradisjons­rikt namn, og var namnet på laget heil frå starten i 1899.

Ny i styret

Vi tok kaffi- og kakepause medan vi lufta tankane om namneendri­nga.

Årsmøte gir gjekk så einstemmig inn for å endra namnet frå Landvik mållag til Grimstad dialekt- og mållag.

Velkommen som medlem dersom du synes arbeid med dialektar er interessan­t og spanande!

Det blei ei endring i styret. Grete A. Kalvehagen ønska avløysing. I hennar stad kom Lars Olav Karlsen inn, I tillegg sit desse i styret: Lars Magne Tønnesøl, Ingeborg Krogsgaard og Astrid S. Sandkjaer. Vararepres­entantar er Kristian Hørte og Gerd Jorunn Igland. Laget har 64 medlemmer.

 ?? FOTO: ARKIVFOTO ?? Frorslag: Grete Aldersjøen Kalvehagen satte fram forslag om å bytte namn til Landvik dialekt- og mållag. Bildet er teke i ein annan samanheng for nokr år sia.
FOTO: ARKIVFOTO Frorslag: Grete Aldersjøen Kalvehagen satte fram forslag om å bytte namn til Landvik dialekt- og mållag. Bildet er teke i ein annan samanheng for nokr år sia.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway