Pressedekninga av Flekkefjord sjukehus
Det er for lengst klarlagt at pasientskadesaker ikkje er vanlegare i Flekkefjord enn ved dei andre sjukehusa på Sørlandet.
Når kvar einaste ny-gamal sak på forunderlig vis likevel dukkar opp straks støvet etter den forrige byrjar å legge seg, og får brei mediedekning, må ein difor gjere seg nokre tankar.
For å skape trygge helsetenestar er arbeidet med avvikssaker avgjerande, og alle har si rolle, både sjukehus, fylkeslege, Helsetilsyn, og ikkje minst presse.
Som NRK Sørlandet uttrykker det, er samfunnsoppdraget å «sette søkelys på kritikkverdige forhold».
På sjukehuset er avviksmeldingar ei sikring av kvaliteten, og å laere av feil ei forutsetning for at me skal kunne løyse vårt samfunnsoppdrag: å skape gode, trygge helsetenestar.
Granskinga som følgjer etter ei feilbehandling kjennest ofte ubehageleg, men alle som arbeider innan helsevesenet veit at det må til, og me tek tilbakemeldingar om avvik på djupaste alvor.
Det er difor toppsaken nrk. no 13.02, med påfølgjande reportasje på Distriktsnytt seinare på dagen, får begeret til å flyte over for min del.
Å lokke folk til å «se hvem som krangler på kjendis-farmen», eller få siste nytt om baken til Kim Kardashian, er ein ting.
Noko ganske anna er det å framstille klagesaksbehandling som «nye avsløringer på skandalesykehuset».
Pressen får god hjelp av ein assisterande fylkeslege som i praksis identifiserer innklaga helsepersonell i riksdekkande media, og av folk i andre fagmiljø, som - for å låne eit uttrykk av Sigbjørn Hølmebakk - tyr til brønnpissing i det dette jo eigentleg dreier seg om: kampen om ressursar i eit underfinansiert helsevesen.
På Flekkefjord sjukehus er me fagleg ambisiøse, og me er stolte av alt me får til.
Det me ikkje får til, eller ikkje er spesialiserte nok til å handtere, rutar me vidare til større sjukehus, det vere seg Kristiansand, Stavanger eller Oslo.
Slik fungerer helsevesenet, folk søker hjelp hjå oss, og me hjelper kvarandre.
Og med fare for å høyrast sjølvhøgtideleg ut: det NRK oppnår med lettvinn, feilaktig klikk-journalistikk, er å forgifte tilliten me er avhengige av for å gjere jobben vår.
Og jobben vår er ganske ofte å berge liv når tida er knapp.
Eg arbeider ikkje ved avdelinga som har vore skyteskive denne gongen, men det spelar ingen rolle.
Når det blir annonserert at me på «skandalesjukehuset» nok ein gong er «avslørt», og at me set kniven i folk for morosskuld, råkar det alle som arbeider her.
Dei som lir størst skade av at pressen sår tvil om me virkeleg vil dei vel, er likevel befolkninga i Lister.
Tankelause medieoppslag får folk til å kvie seg for å søke hjelp når dei treng det, kreftpasientar blir redde for at me rotar med cellegifta, og dei med KOLS trur ikkje dei skal få penicillin for lungebetennelsen sin.
Sprukne blindtarmar, hjerneslag, svangerskapsblødningar, blodforgiftning: slikt hastar.
Det er difor me er her.