Vil behalde nynorsken
Tingvatn mållag meiner folk må tenkje seg om før dei seier ja Det er på gong ein aldri så liten språkstrid i Haegebostad.
– Me har alltid vore ein kommune som har nytta nynorsk. Dette har med identitet å gjere. Det er eit stort engasjement blant nynorsk-folket i kommunen. Dette er ei sak som opptek folk, seier fungerande leiar Audun Rossevatn i Tingvatn mållag.
Folkeavrøysting
Nyleg vedtok politikarane i Haegebostad å utsetje spørsmålet om folkeavrøysting om målform ved Kollemo skole. I vedtaket ligg det at ei folkeavrøysting fyrst vil kome på tale når minst ein fjerdedel av dei med røysterett krevjer det.
– Dei fleste herifrå snakkar og skriv nynorsk. Det meiner me at me bør halde på. Og så er det nokre, saerleg tilflyttarar som ynskjer å ha bokmål som målform. Dette er ei sak med stort engasjement på båe sider, legg Rossevatn til.
No har foreldre ved skulen sagt at dei vil setje i gong ein underskriftskampanje for å få til ei folkeavrøysting, i håp om at målformen ved Kollemo skole kan bli endra frå nynorsk til bokmål. Får dei samla inn 150 underskrifter vil saka bli tatt opp på nytt.
– Folk bør tenkje seg om før dei skriv under. Me er mange som vil bevare nynorsken. Forsvinn målforma frå skulen er det noko viktig som vil gå tapt, meiner Rossevatn.
Eiken?
Hvis ein veljer å byte målform frå bokmål til nynorsk ved Kollemo skole, sør i kommunen, er han redd for at ein kan få same sak opp også på Eiken skule, nord i kommunen. Også her er det nynorsk som er målform.
–Dette kan heilt klart ha ei smitteeffekt. Det finnast folk i Eiken og som gjerne vil byte til bokmål, seier Rossevatn.
Han minnar og om at det vil koste penger å byte frå bokmål til nynorsk ved Kollemo skole, som har elevar frå 1. til 7. trinn.
Ei utgreiing frå rådmannen i kommunen viser at det vil koste mellom 70.000 og 100.000 kroner per trinn. Det er snakk om kostnader knytta til nye laerebøker, men òg til opplaering for laerarane.
For å gjere ei eventuell omleggjing mest mogleg kostnadseffektiv, har rådmannen skissert ei løysing der ein har ei gradvis omleggjing med eit trinn kvart år.
– Uansett vil eit byte av målform ved Kollemo skole koste mykje pengar. Haegebostad kommune har frå før store økonomiske utfordringer med fleire tunge investeringer. Om det i tillegg blir aktuelt å byte målform ved Eiken skule, blir det dobbelt så dyrt, meiner Audun Rossevatn.
Betre laering?
Han er ikkje utan vidare samd med foreldra som har peika på at det skal vere så mykje enklare for borna å laere bokmål i staden for nynorsk. Bokmåltilhengarane har hevda at eit byte av målform vil gi betre laering.
– Me har ulike meininger, og folk må ikkje tru at det vil bli så mykje betre om ein går over til bokmål, seier Rossevatn.
Saka om målform ved Kollemo skole har vore oppe til diskusjon også tidlegare. For nokre år sidan vart det og freista å få saka opp til folkeavrøysting. Men den gongen fekk ikkje initiativtakarane inn nok underskrifter til at det var nokon avrøysting. I 2000 vart det haldt ei folkeavrøysting om målform ved skulen, men nynorsken vann.
Dei fleste herifrå snakkar og skriv nynorsk. Det meiner me at me bør halde på. AUDUN ROSSEVATN