Lister

Osloeliten i Ap/ H sa nei til det norske folk!

-

Då Osloeliten i AP/H tapte Eu-valet for andre gong, i 1994, var dei rasande. «Berre bønder» freste dei mot Nei-partia, V og KRF, som sto på stand før kommuneval­et året etterpå. Gjennom heile 1900-talet hadde det vore ei massiv nedrakking av det som kom frå bygder og distrikt – både dialektar og nasjonal kultur elles. Til og med bunaden vart møtt med «fyrop» i 1920-åra. Kvitsnippa­delen var verst, sa Sigbjørn Bernhoft Osa. Denne ukulturen ser ut til å vera eit saermerke for Osloeliten. (Merk: Langt frå alle i Oslo høyrer til «eliten»).

Her er eit eksempel på forakt for det som kjem frå bygdene:

Då Magnhild Meltveit Kleppa var statsråd, ville TV2 ha eit intervju med henne. (Dei hadde stilt seg langt borte frå kontordøra hennar, og det var det viktigast ved heile intervjuet!) Vi såg ho hasta gjennom gangen mot journalist­ane med ku-raut og grise-grynt som bakgrunnsl­ydar. Intervjuet var «ingenting»: berre eit enkelt spørsmål og eit enkelt svar. Ho svinga seg rundt og hasta tilbake til kontoret. Fjøslydane følgde henne heile vegen medan intervjuar­ane stod og lo. Ho var ein statsråd, men for intervjuar­ane var ho «berre bønder».

Jamvel om ikkje Osloeliten skal stå til ansvar for dette «intervjuet», så var det same forakt dei viste då dei såg bort frå folket sitt klare «Nei til EU» (to gonger), og melde oss inn i EØS for at det skal fungera som medlemskap. (Berre Oslo og Akershus hadde Ja-fleirtal). No skulle «makta» sanneleg visa folk kven som rår her i landet! Til no har dei teke imot alle Eu-direktiv utan innvending­ar. Dessutan har dei skifta namn på Statoil, NSB og Universite­tet i Oslo til Equinor, Vy og Oslo Met. Før hadde dei namn som vi kunne forstå. No skal «det norske» vekk. Det spørst om vasskrafta vår kjem over i Eu-hender i framtida. Vi er jo europearar – skit i norske bygder og distrikt.

Ingolv Vevatne

Vi er jo europearar – skit i norske bygder og distrikt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway