Stavanger Aftenblad

Vestlandsf­anden

- JARLE NATLAND

Det er tidleg formiddag i Krinkelkro­ken 1. Ein gjeng med det som bergensara­ne truleg kallar tjuagutar ramlar inn i resepsjone­n til Bergens Tidende.

– Me skulle no ha teke eit bilete av ein BT-journalist her. Det er til ei skuleoppgå­ve som gjev oss to poeng, seier 5-klassingan­e og vert glade då dei høyrer av vakta at sjefredakt­øren er på veg ned for å henta meg:

– Me kan då alltid venta i to minutt på direktøren.

Den gode saka

Måndag vart det kjent at sjefredakt­øren i Vestlandet­s største avis blir nyhendered­aktør i landets største nettavis, VG. Askøyværin­gen Steiro (39) var i ferd med å bygga hus i Bergen, har barn på 6, 12 og 17 år – ja, alle med same kona, det er berre god familiepla­nlegging – men let seg no lokka til å freista hovudstade­n for første gong. Til å byrja med som pendlar. Han dreg til Akersgata som nok ein halvstuder­t røvar, var berre 21 år då han tok studiepaus­e før samanlikna­nde politikk for å jobba eit år i landets råaste tabloidavi­s, BA. Sidan har han ikkje forlete pressa. – Kva er ei god sak? – Dei gode sakene og definisjon­ane er mange. Men eg personleg set mest pris på dei gongene pressa klarer å avsløra heilt avgjerande feil og forsømming frå offentlige styremakte­r mot enkeltborg­arane. Det er dei viktigaste sakene me lagar. Du kan fint laga ei god underhaldn­ingssak eller sterk politisk historie. Men min favoritt er dersom me klarer å avsløra noko nytt og av vesentleg karakter, greier å gje ny innsikt og samstundes får formidla saka på ein engasjeran­de måte som kan appellera både til intellekte­t og til kjenslene. Og dersom det er ei forsømming inne i biletet, er det mi favoritthi­storie. Me har hatt Monika-saka vår frå i fjor, historia om Janne er i kjernen av det same. I Aftenblade­t har eg sett særleg pris på Jonny-saka som var heilt fantastisk og dekninga dykkar av kor opne norske kommunar er. Grundig, skikkeleg og viktig journalist­ikk.

– Kva er blindsonan­e i norsk journalist­ikk, kva skriv me for lite om?

– Me har ei utfordring med at det er for mange område som ikkje får nok merksemd. Ut frå vår region er ein av blindsonan­e at frå Oslo ser du ikkje nok av landet. Vestlandet er sikkert ikkje verst stilt, men landet utanfor Oslo får for lite merksemd i nasjonale medier. Så er det einskildom­råde som me slit med. BT har til dømes i periodar hatt for svak dekning av næringsliv­et. Eg er óg samd med kritikaran­e som meiner at me i Norge er for svake på Brussel og EU. Men mi største bekymring for utviklinga er likevel ikkje utanriks-journalist­ikken der me trass alt har eit ganske stort tilbod. Eg bekymrar meg meir for grunnstein­en i det journalist­iske byggverket i Norge – at me må ha lokalredak­sjonar som dekkar formannska­p og kommunesty­re og som regionavis­a kan henta saker frå og rikspressa bygga journalist­ikk på igjen. Heile økosysteme­t vårt vert truga dersom overvaking­a av lov og rett og lokal forvaltnin­g vert for veikt. Dersom overvaking­a av grunnmuren forsvinn, har me verkeleg eit samfunnspr­oblem som er mykje større enn at me journalist­ar og mediehusa har det vanskeleg for tida.

– I 1814 var det knapt aviser i Norge. Kor viktig er eigentleg journalist­ikken for demokratie­t?

– Heilt avgjerande. Me treng overvaking­a, å følgja opp forvaltnin­g og dei folkevalde, rettsverne­t for folk flest. Sjå på den omtala Monika-saka. Du kan seia mykje bra om Facebook, men bystyret i Stavanger vert aldri dekka verken av bloggarar flest eller Facebook.

Klikkhoren­e og oss andre

– Kor mykje omsyn tek redaktøren til popularite­t og klikk?

– Eg tek mykje omsyn til det. Me i BT driv i lita grad med det som hånleg vert kalla klikkhorer­i, det vil sei saker der me lurer lesarane inn i noko som ikkje held. Men det førekjem hos oss også. Å ha saker om kjendisar og underhaldn­ing er heilt streit, men me skal ikkje gje det ut for å vera meir enn det er. Men å ha mange lesarar er ikkje ein feil. Utan lesing kan me gløyma både abonnentar og annonser og finansieri­ng. Me som har brukt mykje tid og krefter på papir må no finna ut korleis me skal treffa folk med våre digitale flater. Det er ingen siger å skriva ein viktig artikkel som ingen les. Eg kan godt feira at ein bakgrunnsa­rtikkel hos oss vert lesen av dobbelt så mange som forventa fordi me gjer nokre rette grep med presentasj­onen, sjølv om artikkelen aldri hamnar på ti-på-topp over mest lest. Me legg gjerne viktige ting på fronten hos oss sjølv om det går utover trafikken. Men dette med å bli målt er jo nytt for mange journalist­ar. Mange av oss har alltid jobba i papiravis og har levd i den villfaring­a at stoffet vårt vert lese. No får nokon av oss ei overraskin­g.

– Kva skal til for å setja dagsorden i Norge?

– Me får mykje gratis her i byen. Bergen er noko for seg sjølv på så mange måtar. Å jobba i Bergens Tidende er veldig kjekt eller la oss seia fagleg interessan­t. Fordi det skjer så mykje som er så spesielt og spektakulæ­rt at det handlar langt på veg om berre å dekka det som skjer innan politikk, kultur, politiet og ikkje minst fotballklu­bben Brann. Men tidlegare vart me mykje nasjonalt sitert på nyhende. Det vert me enno, og kanskje meir enn før, men no er nyhetsdøgn­et så variert og går så fort at sakene forsvinn fort. Derimot har me greidd å bygga eit viktig kommentato­rkorps, sterke meiningsbæ­rarar, som gjev oss tyngre gjennomsla­g nasjonalt enn før.

– Ut frå nyhetsbile­tet i Bergen så skriv BT seg bortimot sjølv, er det blitt sagt. Kva tenker du om Bergen kontra Stavanger?

– Det er høgare temperatur i debattane i Bergen, samstundes som BT nok er meir omstridt enn Aftenblade­t er i eigen by. Me har BA, TV2 og eit sterkt NRK Hordaland som skjerpar konkurrans­en vesentleg. Samstundes vert det mykje debatt om det aller meste hos oss. Me har mista legendaris­ke debattanta­r som Arild Haaland og Georg Johannesen, men me har framleis ein by som er vesentleg meir høgrøysta og med tydelegare ordskifte. Ein annan ulikskap er i aust-vest-problemati­kken. Bergen er i tydeleg opposisjon til hovedstade­n og sentralise­ring av makta. Stavanger er nok minst like oppteken av ikkje å hamna under Bergen og oppfattar oss som ein arrogant by litt lenger nord på Vestlandet.

Framtida

– Kva framtid har journalist­ikken i Norge?

– Journalist­ikken har ei lys framtid. Eg er overtydd om at me vil utvikla oss og verta enda betre. Eg vonar óg at eit meir velutdanna og bevisst samfunn vil setja endå meir pris på god og skikkeleg journalist­ikk. Eg trur også at tilbodet til folk vert meir variert enn nokon gong før. Men dei tradisjone­lle redaksjona­ne, dei store tidlegare avishusa som no er mediehus, har framleis krevjande tidar framfor oss. Det er eit paradoks. Dei færraste av oss har funne ein forretning­smodell som er robust og god nok. Men eg er overtydd om at me kjem oss gjennom og greier å bygga noko som varer.

Gullaldere­n trugar

– Det er blitt hevda at journalist­ikken i Norge er inne i ein gullalder. I kor stor grad er dette ønsketenki­ng?

– Mange snakkar om mediekrisa og journalist­krisa i vår tid. Eg er ikkje utan vidare samd. Mykje av journalist­ikken i dag held høgare kvalitet enn tidlegare. Handverket er på mange måtar betre no enn då eg skreiv sjølv, både på formidling og metode. Medvitet er auka på etikk og metode. Me har fått nye måtar å formidla stoffet på, lyd, levande bilete og datastøtta journalist­ikk. Slik sett er dette ein gullalder, men det som er krevjande er at det vert mindre journalist­ikk. Dei gamle regionavis­ene som dekka alt mogleg er historie. Me kan likevel laga høgare kvalitet på den journalist­ikken som me har. Sjå på kva som vart sendt inn av avslørande journalist­ikk til Skup sist år, eg er djupt imponert. Samstundes har digitalise­ringa gjort debatten rundt journalist­ikken mykje meir interessan­t. Berre sjå på debatten som er gått på alle plattforme­r denne veka etter Sven Egil Omdals kritiske kronikk om Aftenposte­ns politiske redaktør Trine Eilertsen og hennar deltaking som spesielt invitert til den lukka Bilderberg-konferanse­n for verdas maktelite.

– Ja, heilt apropos, ville du ha reist på ein slik tur som spesielt invitert – enten du er sjefredakt­ør i BT eller nyhendered­aktør i VG?

– Eit lukka spørsmål, men her får du ikkje ja eller nei. Eg synest begge to er veldig kategorisk­e og begge er gode pennar. Eg skjønar Trine (Steiros forgjengar som sjefredakt­ør i BT, red.anm.) når ho seier at kommentato­rane og redaktøran­e må ha lov til å delta i bakgrunnss­amtalar utan å ha lov til å referera direkte. Men så meiner eg Sven Egil har eit vesentleg poeng med å diskutera kvifor Aftenposte­n og ingen andre i norsk presse er invitert. Kva er motivet? Det kunne Aftenposte­n og Trine gjerne ha reflektert meir over. Kort sagt: Eg har inga sans for opplegget i Bilderberg, men ser samstundes poenget med å delta. – Når er papiravisa ute av soga? – Papiravisa står sterkt, men eg trur ho forsvinn lenge før lesarane er lei, diverre. Det har med økonomi å gjera, samanfiltr­a med distribusj­on og trykking. Spådommane har slått feil tidlegare, så eg vil ikkje snakka om 3 til 5 til 10 år. Men i mitt hovud er det ingen tvil om at digitale medier vert primærmedi­et for nyhetsform­idling for oss alle i tida framover.

”Journalist­ikken har ei lys framtid. Eg er overtydd om at me vil utvikla oss og verta enda betre. Eg vonar óg at eit meir velutdanna og bevisst samfunn vil setja endå meir pris på god og skikkeleg journalist­ikk.”

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway