Stavanger Aftenblad

Når forskartvi­l blir kriminelt

-

Kan ein forskar stillast rettsleg til ansvar for ikkje å ha sagt tydeleg nok frå om at det kan koma ein katastrofe?

Det er temaet for artikkelen «Drapsdømt for jordskjelv», som stod på trykk i magasinet Plot i oktober 2014. Onsdag vart forfattare­n Silje Pileberg heidra med ViS-prisen, Vitenskaps­akademiet i Stavangers pris for forskingsj­ournalisti­kk.

Artikkelen tek utgangspun­kt i jordskjelv­et i L’Aquila i Italia i april 2009, som kravde 309 menneskeli­v. Etterpå gjekk ei gruppe pårørande til sak mot nokre av Italias fremste jordskjelv­ekspertar fordi dei ikkje hadde varsla klart nok om risikoen. Dei vart dømde for aktlaust drap i første rettsinsta­ns, men frifunne etter anke. Saka går nå til den italienske høgsterett­en. Pileberg følgjer ein av dei tiltalte forskarane gjennom rettssaka.

«Gjennom glitrende fortellerk­unst har hun satt lys på et av samtidens mest komplekse vitenskape­lige prinsipper – usikkerhet og føre-var-prinsippet,» heiter det i grunngivin­ga frå Vitenskaps­akademiet.

ViS-prisen for «kritisk, innsiktsfu­ll og vederhefti­g forsknings­journalist­ikk som det heiter i statuttane, er på 50.000 kroner, og vart i år utdelt for femte gong. Prisen er eit samarbeid mellom Vitenskaps­akademiet i Stavanger og avisene Adresseavi­sen, Aftenposte­n, Bergens Tidende, Fædrelands­vennen og Stavanger Aftenblad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway