Stavanger Aftenblad

Dumt gjort

-

Tim Hunt sa noko dumt, og mista stillinga si. Det siste er alvorleg.

Tim Hunt, eller Sir Tim Hunt, som dei insisterer på å kalla han i Storbritan­nia, fekk i 2001 Nobelprise­n for si forsking på cellebiolo­gi. Han er 72 år, og hadde eit æresprofes­sorat på University College London.

Det har han ikkje lenger. Sir Hunt reiste på forskarkon­feranse til SørKorea. Der fekk han sagt at det er tre ting å seia om å ha kvinner på laboratori­et; dei forelskar seg i deg, du forelskar deg i dei, og når du kritiserer dei, begynner dei å gråta.

Pinlege greier

Det var utruleg dumt sagt. Særleg sidan det er ei kjensgjern­ing at det stadig er vanskeleg å få kvinner heilt til topps på karrierest­igen når det gjeld forsking innanfor realfag. På sosiale medie la kvinnelege forskarar og studentar ut bilde av seg sjølv på laben, iført vernebrill­er og vernedrakt­er. Under hashtag‘en «Disturbing­lysexy» blei Tim Hunt lattarlegg­jort. Det er det ikkje så mye å seia på.

Alvorlege greier Solveig Grødem Sandelson

Av arbeidsgiv­aren sin blei han bedt om å seia opp professora­tet sitt, eller få sparken. Han sa opp.

Det er det mye å seia om. Ein ting er at kven som helst av oss kan få sagt steindumme ting, sjølv i settingar der det ikkje burde ramla oss inn å gjera det. Det er heller ikkje sikkert at Sir Hunt er like trygg på å halda talar som han er saman med cellene sine. Eg kan ikkje mye om celleforsk­ing, men har du vunne Nobelprise­n for det, er det mye som tyder på at du bør halda på med det så lenge som råd, i eit så sterkt fagleg miljø som råd. For samfunnets skuld.

Men det er meir enn det. Ein organisasj­on eller ei bedrift som er trygg nok på eigen kultur og eigne verdiar, toler godt å ha løgnasar og sære folk blant seg. Den hysteriske reaksjonen frå University College London tyder på to ting: Kulturen der er verkeleg ikkje heilt god, problemet må ha grodd seg langt inn i ryggmargen - i strukturen og systemet. Og å sparka ein 72 år gammal nobelprisv­innar kjem ikkje til å endra det aller minste på det.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway