Fryktar ikkje terror når Bieber kjem
36.000 menneske er venta til Justin Bieber-konserten på Forus travbane. Pro Sec security, som har ansvar for sikkerheit ved konserten, er Norges største på sitt felt.
– Akkurat no er det ikkje auka trussel rundt arrangement i Norge. Ettersom Norge har spesielt strenge alkoholreglar, er det allereie i dag gode rutinar på visitering og kontroll av rømningsvegar. Ingen kjem inn i konsertområdet utan å ha blitt kontrollert, seier sikkerheitsansvarlig Henning Kristiansen i Pro Sec.
Kristiansen ynskjer ikkje gå ut med informasjon om kor mange som jobbar med sikkerheit ved Bieber- konserten, men seier rundt 70 personar kjem til å kontrollere inngangspartiet. Dei har foreølpig ingen planar om å auke bemanninga eller få på plass spesielle tiltak.
Angrepet i Manchester mandag kveld skjedde medan folk var på veg ut frå ein konsert med Ariana Grande. Ved Bieber-konserten i Stavanger kjem vektarar til å vere obs på tilstrøyminga til og frå konserten.
– Vi vil sjølvsagt vere skjerpa og vektarar vil følgje med på tilstrøyminga utanfor lokalet. Her må også publikum hjelpe oss og gi beskjed om dei ser noko mistenkeleg. Vidare oppfordrar vi folk til å ta med minst mogleg store sekkar og bagger.
Det er ikkje auka trussel for konsertterror i Norge, seier selskapet som leverer sikkerheit til dei fleste internasjonale konsertar i landet. Om to veker kjem Justin Bieber til Stavanger.