Stavanger Aftenblad

Halloween

-

DRØSET: Skulle det vera litt Halloween? Nei, takk.

Blant dei personlege eigenskapa­ne han var usikker på om var eit gode eller eit onde at han hadde, var Den naturlege skepsisen. Han vandra på jorda som eit, ja, han var ikkje redd for å innrømma det: eit skeptisk menneske.

Det slo han stadig kor mange optimistar det fanst. Menneske som gjekk rundt og smilte – oftast utan nokon spesiell grunn. Folk som var fulle av idear og påfunn. Individ som – når dei fekk høyra om eit nytt påfunn, når dei fekk presentert ein ny idé – naturleg ville bryta ut i eit entusiasti­sk «Ja!».

Han var ikkje av denne typen.

Møtte han ein av desse smilarane, var hans naturlege reaksjon skepsis. Kva var det dei gjekk rundt og smilte etter? Han var ikkje ein mann full av idear og påfunn. Kvifor ikkje? Jo, fordi dei fleste idear og påfunn var dårlege idear og påfunn. Derfor var hans naturlege respons når han fekk presentert ein ny idé eller eit nytt påfunn, av desse optimistan­e, desse entusiasta­ne, desse smilarane, å seia «nei». Han knytte ikkje spesielle kjensler til neiet, verken positive eller negative. Han konstatert­e det bare: Nei.

Som dette Halloween. Han kjente at han blei trøytt i heile kroppen bare over å tenka tanken. Han såg det for seg. Brainstorm­inga på eitt eller anna seminar i handelsnae­ringa. Den entusiasti­ske ideen: «Skulle vi ikke begynt med Halloween i Norge også? Tenk hvor mye godteri og effekter vi kunne solgt!» (Han såg for seg at optimistan­e oftast snakka austlandsk.)

Den tilsvarand­e entusiasme­n blant barna (barn er heilt ukritiske): «Me får kle oss ut i skumle kostyme. Så går me frå hus til hus og får snop. Utan å måtta gjera anna enn å møta opp. Kjempeidé.»

Så sånn hadde det blitt. Men kven var det som måtte handla inn alle desse kostyma, alt snopet, skjaera ut graskar og spretta opp av sofaen og lata som om Halloween var moro kvar gong det ringte på døra?

Nei, takk.

Kva var det dei gjekk rundt og smilte etter?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway